Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Mjølkekvotar

Mjølkeproduksjonen er den største enkeltproduksjonen i landbruket, og båe ku- og geitemjølkproduksjon er regulert av mjølkekvotar.

Føretak med kumjølkproduksjon
Statistikken om mjølkekvotar omfattar berre kumjølkkvote, utanom når det er presisert at det er snakk om geitemjølkkvotar. Vi tel ikkje med dei føretaka som berre har kvote til lokal foredling her. Les meir om lokalforedling her.

Talet på føretak med kumjølkeproduksjon har gått jamt nedover dei siste 16 åra. Frå 2003 til 2018 er det ein reduksjon på om lag 54 prosent.   

Figur: Utvikling i gjennomsnittskvote og talet på føretak, 2003–2018

Figuren viser at utviklinga i mjølkeproduksjonen går i retning av færre, men større mjølkeprodusentar. Medan mengda produsentar går jamt nedover, har gjennomsnittskvoten auka.

Omsetning av mjølkekvotar
Ordninga for omsetning av mjølkekvotar vart innført i 1997. I åra etter 2000 har sal av kvote vore fallande. I 2017 var det 251 produsentar som selde 21 mill. liter kumjølkkvote. 

I perioden 2005–2013 ser vi også ein nedgang i talet på produsentar som ønskjer å kjøpe kvote. Frå og med omsetningsrunda 2014 auka talet på kvotekjøparar. Det er også stor etterspurnad i fleire produksjonsregionar samanlikna med kor mykje kvote som er tilgjengeleg innanfor kvar region. I 2018 var det ikkje opna opp for å kjøpe kvote frå staten.

Kvoteleige
Høve til å leige kvote vart innført i jordbruksoppgjeret i 2008, og dei første leigeforholda fekk verknad frå kvoteåret som byrja i 2009. I 2018 er det 3 617 eigedomar som  heilt eller delvis har leigde ut kvote, og 2 962 føretak som leiger inn kvote. Nærmare 294 mill. liter grunnkvote er i leigeforhold i 2018.

Geitemjølkkvotar
Det har vore ein stor nedgang i talet på geitemjølkprodusentar frå 589 føretak i 2003 til 284 i 2018. 132 geitemjølkkvotar er heilt eller delvis leigde ut.

Mer om temaet