Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Føretak med mjølkeproduksjon

Utviklinga dei siste 16 åra viser ein jamn nedgang i talet på føretak med kvote som driv mjølkeproduksjon.

Figur: Føretak med kvote som produserer mjølk, 2003–2018

Figuren viser talet på føretak med kvote som driv mjølkeproduksjon i åra 2003–2018, både enkeltpersonføretak og føretak for felles mjølkeproduksjon. Føretak som berre produserer mjølk med lokalforedlingskvote inngår ikkje her Det er likevel mange føretak med lokalforedlingskvote som også har kvote for meierileveranse, og desse er med.

I 2003 var det 17 728 føretak som dreiv mjølkeproduksjon innanfor kvote i Noreg. Til saman disponerte desse føretaka ein kvote på om lag 1 592 mill. liter. I 2018 er det 8 149 føretak att, som til saman disponerer ein kvote på om lag 1 598 mill. liter. Talet på føretak som driv mjølkeproduksjon er i løpet av dei siste 16 åra altså redusert med 9 579 føretak. Det er ein reduksjon på 54 prosent. Den største reduksjonen i talet på føretak i denne 16-års perioden var frå 2012–2013, då ein fekk ein reduksjon på 10,6 prosent.

Til trass for at det vert færre mjølkeproduksjonsføretak har ikkje den totale leveransen av mjølk endra seg mykje i denne perioden. I 2001 var den totale leveransen 1 516 mill. liter kumjølk, medan den totale leveransen i 2017 var 1 495 mill. liter kumjølk.

 

Fylkesfordeling

Figur: Føretak med mjølkekvote som driv mjølkeproduksjon – fylkesfordeling, 2003 og 2018

Rogaland har vore det fylket med flest føretak med mjølkekvote i perioden 2003–2017. I 2018 vert Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag slått saman til Trøndelag. Trøndelag er difor nå det fylket med flest mjølkeproduksjonsføretak. Dei fylka med færrast produsentar var både i 2003 og 2018 Oslo og Vestfold. Den prosentvise nedgangen i talet på føretak har vore størst i Telemark, der det er ein reduksjon på 64 prosent frå 2003 til 2018. Med unntak av Oslo har nedgangen vore minst i Troms, Hedmark og Finmark. Talet på føretak med mjølkeproduksjon i Troms har vorte redusert med om lag 10 prosent frå 2003 til 2018.

Føretak for felles mljølkeproduksjon

Frå 1. januar 2015 vart særreglane for samdrifter avvikla i kvoteregelverket. Dette inneber at samdriftsføretak og andre typar mjølkeproduksjonsføretak no er likestilte i kvoteregelverket.

Færre mjølkeprodusentar, men større mjølkekvote

Utviklinga i mjølkeproduksjonen har i fleire år gått i retning av færre, men større bruk. Medan talet på mjølkeprodusentar går jamt nedover, aukar gjennomsnittskvoten.

Figur: Utvikling i gjennomsnittskvote og talet på føretak, 2003–2018

Figuren viser talet på føretak som driv mjølkeproduksjon innanfor kvote i perioden 2003–2018 og gjennomsnittskvoten dei same åra. Utviklinga går i retning av færre føretak med større kvotar. Frå 2003 til 2018 har gjennomsnittskvoten auka med om lag 118 prosent, medan talet på føretak har gått ned med om lag 54 prosent.

Gjennomsnittskvoten vert påverka av talet på føretak, kor mykje kvote som er tilgjengeleg i omsetningsordninga og endringar av forholdstalet.

Frå 2011–2012 auka gjennomsnittskvoten med litt over 10 prosent. Årsaken til den store auka kan delvis vere at kvoteregelverket vart endra frå 1. januar 2012. Frå 2012 inkluderer kvoten føretaka får berekna også den mengda dei tidlegare fekk produsere ut over kvote. Ein anna årsak til at gjennomsnittskvoten endra seg monaleg frå 2011 til 2012 kan vere at forholdstalet vart sett opp.

Frå 2017 til 2018 auka gjennomsnittskvoten frå 186 788 liter til 196 134 liter, tilsvarande ei auke på 4,8 prosent. Auka skuldast i hovudsak reduksjon i talet på føretak som har fått berekna disponibel kvote i 2018. I likskap med 2017 er forholdstalet for disponibel kvote for 2018 sett til 0,98.

Bruksstruktur på kvotane

Talet på mjølkeproduksjonsføretak med kvote over 200 000 liter har auka jamt dei siste åra. Sjølv om det framleis er flest føretak med kvote under 200 000 liter, har dette talet minka.

Figur: Utvikling i talet på føretak fordelt etter storleik på kvote, 2008–2018

Figuren over viser utviklinga i talet på føretak frå 2008 til 2018, delt opp etter storleik på kvotane til føretaka. Føretak med kvote under 200 000 liter er framleis i fleirtal sjølv om utviklinga viser ein sterk nedgang i talet på føretak av denne storleiken. I perioden 2008–2018 er talet på føretak med kvote under 200 000 liter redusert med om lag 54,2 prosent. I 2018 er det 5 321 føretak med kvote under 200 000 liter.

I intervallet mellom 200-400 000 liter har det vore ei auke frå 1 182 føretak i 2008 til 1 956 føretak i 2018. Dette er ei auke på om lag 65,5 prosent.

I dei intervalla vi har delt inn i her, er det klart færrast i gruppa med kvote over 400 000 liter. Det er likevel her vi ser den største prosentvise auka. Frå 2008 til 2018 har vi fått ei auke på om lag 222 prosent. I 2008 var det 271 føretak med kvote over 400 000 liter, og i 2018 er det 872 føretak.