Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Føretak med geitemjølkproduksjon

Utviklinga frå 2003 til 2015 viser ein jamn nedgang i talet på føretak med kvote som driv geitemjølkproduksjon. Samstundes har gjennomsnittskvoten auka. Frå 2015 til 2018 har talet på føretak og gjennomsnittskvoten vore stabilt.

 Figur: Utvikling i gjennomsnittskvote og talet på føretak med kvote som driv geitemjølkproduksjon, 2003–2018  

I 2018 er det 284 føretak med mjølkekvote som driv geitemjølkproduksjon. Desse føretaka disponerer ein kvote på om lag 22,4 mill. liter. Ser vi ti år tilbake var talet på geitemjølkprodusentar 453, og for tjue år sidan var talet 828. Talet på føretak auka frå 285 i 2015 til 294 i 2016. Dette kan delvis forklarast med at dei siste produsentane som har deltatt i prosjektet «Friskere geiter» no er ferdig med sanering. Frå 2016 til 2018 har det vore ein svak reduksjon i talet føretak som produserar geitemjølk.

I 2003 var den gjennomsnittlege disponible kvoten for føretak med geitemjølkproduksjon i overkant av 39 000 liter, i 2007 var den på om lag 48 000 liter, medan den i 2018 er om lag 79 000 liter. Frå 2003 til 2018 har den gjennomsnittlege disponible kvoten auka med 50 prosent.

Sal av geitemjølkkvote

Figur: Selt geitemjølkkvote og kvoteseljarar, 2002–2017

Som figuren viser varierer det frå år til år kor mykje geitemjølkkvote som vert selt. På same viset som for kumjølkkvotane kan oppslutninga om omsetningsordninga ha vore påverka av at ordninga med kvoteleige vart innført frå 2010 for geit. I 2011 og 2012 auka salet av kvote då det vart selt høvesvis 11 og 12 geitemjølkkvotar. Auka i 2012 kan forklarast med at det i jordbruksoppgjeret i 2012 vart bestemt at prisen for kvote selt til staten skulle reduserast frå kr 3,50 pr. liter til kr 2,50 pr. liter frå 2013. I 2013 gjekk oppslutninga om sal av kvote ned. Det vart til saman selt seks kvotar i 2013.

I 2014 auka salet av kvote. Det vart seld ni kvotar, mest i region Nord-Noreg. Totalt salsvolum fordeler seg med 8,7 prosent på region Sør-Noreg og 91,3 prosent på region Nord-Noreg. I begge regionar vart 80 prosent av den totale salsmengda omsett privat. I 2017 vart det seld åtte kvotar.

Det har ikkje vore mogleg å kjøpe geitemjølkkvote frå staten dei fem siste åra, fordi det har vore overproduksjon av geitemjølk over lengre tid og ein ynskjer ikkje meir geitemjølk enn det som allereie finst i marknaden.

I jordbruksoppgjeret 2017 vert det vedtatt ei eiga oppkjøpsordning for geitemjølkkvotar. Dette for å betre balansen i marknaden for geitemjølk.

Oppkjøpsordninga for geitemjølkkvotar inneber at i omsetningsrunden 2017 og 2018 er prisen kr 12,00 per liter for delen av grunnkvoten som blir seld til staten (minst 20 prosent). For produsentar som ligg utanfor dagens satsningsområde for geitemjølk, det vil seie Leksvik, Namsskogan, Røyrvik og Ås, er prisen kr 15,00 per liter. Desse prisane gjeld kun ved sal av heile landbrukseigedomens geitemjølkkvote.