Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Omsetning av mjølkekvotar

Omsetning av mjølkekvotar vart innført i 1997. Det er i dag høve til både statleg og privat omsetnad av kvote, kor minst 20 prosent av salsmengda må seljast til staten. Ein kan berre selje og kjøpe kvote innanfor den produksjonsregionen kvoten tilhøyrar. I samband med at talet på mjølkeprodusentar har gått gradvis ned dei siste åra har talet på seljarar og kjøparar av mjølkekvote også minka i denne perioden.

Sal av grunnkvote
Figuren under viser at sal av grunnkvote varierer frå år til år. Variasjonen kan ofte forklarast av endringar i reglane for omsetningsordninga. Særleg har produksjonsregionane, variasjon i pris ved sal til staten, innføring av høve til privat sal og reglane knytt til denne omsetninga gjeve utslag.

Figur: Utvikling i selt kvote (liter) og talet på kvoteseljarar, 1997–2018

Figuren viser ein topp i 2000, då det vart halde ei ekstra omsetningsrunde. Kvote seld i denne omsetningsrunda vart ikkje seld ut att til mjølkeprodusentane. Dette vart gjort for å redusere den totale mjølkekvoten og på den måten få ned overproduksjonen. I åra etter den ekstraordinære salsrunda i 2000 viser grafen for sal av kvote ein varierande, men fallande trend. Dette kan skuldast fleire forhold. Etterkvart som det vert stadig færre mjølkeprodusentar, er det også sann¬synleg at færre sel kvoten sin.

I 2005 auka salet av kvote monaleg, noko som i stor grad må reknast å kome av auke i mengda kvote som kunne seljast privat. Frå 2004 til 2005 vart den delen av salsmengda som kunne seljast privat til marknadspris, auka frå 30 til 60 prosent.

Opninga for kvoteleige i 2009 kan forklare noko av nedgangen i sal av kvoter frå 2008–2011. Det vart då mogleg å oppnå forteneste gjennom utleige, sam¬stundes som kvoten kunne haldast aktiv (og dermed salbar), utan å måtte produsere mjølk sjølv.

I 2012 gjorde talet på kvoteseljarar eit hopp, og årsaka var truleg den varsla reduksjonen i pris for kvote selt til staten frå 2013. Det var 433 produsentar som selte til samen 37,9 mill. liter i 2012. Frå og med omsetningsrunda i 2014 kan 80 prosent av den totale salsmengda seljast på den private marknaden.

I 2018 var det 331 produsentar som selde 30,8 mill. liter grunnkvote. Av dette vart om lag 6,2 mill. liter seld til staten.

Delsal
Frå og med 2012 er det høve til å selje delar av grunnkvoten. Figuren under viser kor mange som har selt grunkvote i perioden 2012–2018 og kor mange av desse som har selt delar av grunnkvoten i same periode.  

Figur: Talet på kvoteseljarar totalt og delsal, 2012–2018

Talet på seljarar som seljer delar av grunnkvoten varierer frå år til år, andelen delsal auka frå 2012 til 2016. Frå 2016 til 2017 var andelen delsal noko lågare, men den auka igjen i 2018. I 2012 var det 9,6 prosent av alle seljarar som selde delar av kvoten, 42 delsal av totalt 436 sal. I 2018 var det 50 delsal av totalt 331 sal.

Kjøp av grunnkvote frå staten
Figuren viser talet på mjølkeprodusentar som har selt kvote mot produsentar som har kjøpt kvote frå staten i perioden 2005–2016. I 2018 var det ikkje mogelegheit for å kjøpe grunnkvote frå staten.

 Talet på seljarar er nærmare omtalt under sal av kvote.

 

Figur: Utvikling i talet på seljarar og kjøparar, 2005–2018

Frå 2005 til 2013 ser vi ein nedgang i talet på betalte kjøp frå staten. I 2005 var det om lag 9 000 produsentar som kjøpte kvote frå staten, medan det i 2013 var om lag 2 500 kjøparar. 3 352 produsentar kjøpte kvote frå staten i 2016. Det er ein auke i kvotekjøparar frå 2013 til 2016 på 32 prosent. Auken kan delvis forklarast med nyetableringar og auka etterspørsel etter kvote.

Kor mange som ønskjer å kjøpe kvote er ein indikasjon på kor mange som ønskjer å utvide mjølkeproduksjonen. Samstundes kan dette talet avhenge av andre variablar, som til døme pris for kvote på den private marknaden.

Kor mykje kvote ein får kjøpe frå staten er i stor grad eit resultat av regelverket knytt til ordninga. Det er difor vanskeleg å sjå klare utviklingstrekk i forholdet mellom tilbod og etterspurnad etter mjølkekvote.