Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kvoteleige

Den første søknadsrunda for utleige av mjølkekvotar vart gjennomført i 2009. Ordninga opnar for å produsere mjølk på kvote som er leigd.

Figur: Eigedomar som leiger ut kvote og føretak som leiger inn kvote, 2009–2018

Figuren viser tilhøvet mellom eigedomar som leiger ut og føretak som leiger inn kvote frå 2009 til 2018. Då kvoteleige starta i 2009 var det 546 eigedomar som leigde ut 37,5 mill. liter til 707 leigetakarar. I 2018 er det 3 617 eigedomar som leiger ut disponibel kvote på om lag 288 mill. liter til 2 962 leigetakarar.

Talet på utleigarar og leigetakarar treng ikkje å samsvare fordi ein utleigar kan leige ut heile eller delar av grunnkvoten på eigedomen sin til ein eller fleire leigetakarar. Ein leigetakar kan tilsvarande leige inn frå fleire utleigarar.