Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Omsetningsrådet

Omsetningsrådet er eit offentleg organ med frittståande stilling. Hovudmålsetjinga til Omsetningsrådet er å få til ei effektiv regulering av marknaden for ulike jordbruksprodukt til lågast mogleg kostnader.

  • Omsetningsrådet

    Omsetningsrådet sine oppgåver er:

    • Administrere marknadsregulerande tiltak (geografisk overføring, lagring, eksport, leveranse til fabrikk og eventuelt andre tiltak).
    • Føre tilsyn med at produsentorganisasjonane følgjer opp vedtak frå Omsetningsrådet.
    • Krevje inn omsetningsavgift og føre kontroll med innbetaling.
    • Fremje faglege tiltak og opplysingsarbeid med bruk av midlar frå omsetningsavgiftene. Desse tiltaka kan vere retta mot produsent, handel og industri eller forbrukar.
    • Administrere andre tilskotsordningar over statsbudsjettet på vegne av Landbruks- og matdepartementet, som til dømes i hagebrukssektoren.

    Landbruket har i dag fleirtal i Omsetningsrådet, noko som heng nøye saman med jordbruket sitt økonomiske ansvar for overproduksjon. Overproduksjon krev tiltak som vert finansiert gjennom omsetningsavgift innkravd frå bonden.

    Landbruks- og matdepartementet kan gjere om rådet sine vedtak dersom dei er i strid med lov, forskrifter eller gjeldande jordbruksavtale. Regjeringa kan gjere om vedtak dersom det etter Regjeringa si vurdering er i strid med samfunnsinteresser.

    Marknadsreguleringa innanfor dei ulike sektorane er heimla i eit detaljert regelverk. Regelverka innanfor dei ulike sektorane finn du øvst til venstre under menyvalet Regelverk.

    Landbruksdirektoratet er sekretariat for Omsetningsrådet.

  • Marknadsregulering

    Hovudføremålet med marknadsreguleringa er å balansere tilførselen av jordbruksråvarer til marknaden. Kostnadene ved dette blir fordelte på all produksjon gjennom ilegging av avgifter, og ordninga blir finansiert av produsentane sjølve. Ved omsetning av produkta blir det betalt inn eit fast beløp per kilo/liter i omsetningsavgift. Avgifta går inn i eit fond og blir brukt til avsetnadstiltak, faglege tiltak og opplysingsarbeid. Saman med importvernet legg marknadsreguleringa grunnlaget for at produsenten skal kunne ta ut dei prisane som er framforhandla i jordbruksforhandlingane på kjøt av svin og sau/lam, mjølk, egg, korn og hagebruksprodukt. For kjøt av storfe skal marknadsreguleringa sikre ein balansert marknad i tråd med den gjeldande landbrukspolitikken.

    Marknadsreguleringa er gjennomgått i [St.meld. nr. 19 (1999-2000), "Om norsk landbruk og matproduksjon"], og er knytt til produsent- og forbrukarinteresser. Meld. St. 9 (2011-2012) om Landbruks- og matpolitikken stadfester ei vidareføring av systemet  m.a. slik: ”Samvirkets rolle som markedsregulator og avtaker av norske råvarer fra hele landet skal sikres.”

    Føremålet med reguleringa er i følgje St.meld nr. 19 å:

    • Stabilisere prisane for produsentane og medverke til nokolunde eins prisar over heile landet
    • Sikre avsetnad for produsentane
    • Sikre forsyningar i alle forbruksområde til ein nokolunde eins pris
    • Medverke til at produsentane oppnår prisar mest mogleg i samsvar med jordbruksavtalen sine føresetnader, samstundes som prisen i marknaden skal haldast på eller under avtalt nivå som gjennomsnitt for året

    Marknadsreguleringa kan bestå av avsetnadstiltak, faglege tiltak og opplysingsverksemd. Avsetnadstiltak er strakstiltak som blir sette i verk for å regulere marknaden, medan faglege tiltak og opplysningsverksemd er knytta til førebyggjande og meir langsiktige tiltak.

  • Omsetningslova

    Føremålet med omsetningslova er å fremje omsetninga av landbruksvarer gjennom samvirke. Gjennomføringa av tiltak i tråd med dette føremålet er lagt til Omsetningsrådet. Lova gir staten fullmakt til å legge avgift på produsentane sin salsproduksjon - omsetningsavgift - som vert kravd inn og forvalta av Omsetningsrådet.

    Bakgrunnen for omsetningslova  var den internasjonale overproduksjonskrisa mot slutten av 1920-åra. Landbruksnæringa skulle sjølv sette i verk tiltak under oppsyn av Omsetningsrådet, som vart oppretta i 1930. Det vart difor gradvis etablert landsomfattande produsentorganisasjonar som skulle stå for den praktiske marknadsreguleringa. Andre land valde andre løysingar; i mange land tok staten ansvaret ved å kjøpe opp overskotsproduksjonen til avtalte prisar. Det var mjølka som var det viktigaste reguleringsproduktet for marknadsreguleringa i starten, i tillegg til svinekjøt.

    Omsetningslova etablerte eit sikringsnett mot dramatiske svingingar i lønsemd for produsentane. Samstundes vart produsentane sine økonomiske organisasjonar trekte med i forpliktande samarbeid om gjennomføringa av marknadsreguleringa.

  • Omsetningsavgift

    Omsetningsavgifta blir lagt på produsentane sin produksjon for sal for å finansiere tiltak for å fremja omsetninga.

    Omsetningsavgiftene blir innbetalt av bøndene ved levering av produkta. Avgiftene går inn i eit fond, og blir brukte til finansiering av avsetnadstiltak, til faglege tiltak og til opplysingsarbeid.

    Framgangsmåten ved nye satsfastsetjingar er at marknadsregulator fremjar forslag på sats til Omsetningsrådet, som vurderer forslaget og fremjar forslag til Landbruks- og matdepartementet. Det er Landbruks- og matdepartementet som fastset endelege satsar. Avgiftene kan bli endra gjennom året om marknadssituasjonen endrar seg.

    Omsetningsavgifta på korn og på kjøt av gris, sau/lam og storfe/kalv er fastsett som ein maksimalsats. Innanfor denne øvre grensa kan Omsetningsrådet endre avgifta gjennom året ved behov.

    For hagebrukssektoren blir omsetningsavgifta ikkje kravd inn frå produsentane, men dekt kollektivt over jordbruksavtalen, det vil seie over statsbudsjettet.

    Meir om omsetningsavgift på dei enkelte jordbruksprodukta finn ein i nedtrekksmenyen over, under Produksjon og marked.

  • Medlemar i Omsetningsrådet

    Omsetningsrådet har 11 medlemar som representerer staten, bondeorganisasjonane, samvirkebedriftene og ikkje-samvirkebasert næringsmiddelindustri. Landbruket og samvirke har til saman fleirtal.

    Medlemane