Registrere sal av tollkvote
For å selje ein kvoteandel som du har fått tildelt eller kjøpt, må du registrere salet i Altinn.
Før du registrerer
Før du registrerer sal av kvoteandel må du kjenne til organisasjonsnummeret til føretaket du skal selje kvoteandelen til. Om du har gyldig importløyve på kvoteandelen du skal selje, må du stoppe desse før du kan selje.
Utfylling av skjema
Gå til skjema for sal av kvote via Altinn. Her må du logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
I skjemaet skal du registrere
- kva for kvote du skal selje
- kor stor mengd du skal selje
- kva for føretak du skal selje til
Sende skjema
Når du trykkjer på «send søknad», vert skjemaet automatisk sendt til Landbruksdirektoratet. Du får opp ei stadfesting på skjermen som fortel at skjemaet er sendt inn. Du vil òg få ei stadfesting i innboksen din i Altinn.
Handsaming
Når salet er registrert, blir kvota automatisk overført til kjøpar.
Svar
I innboksen din i Altinn får du ei stadfesting på at salet er gjennomført.