Har du kvote for utanlands tilarbeiding, kan du søkje om uttak av denne. Du fyller ut søknaden på same måte som i skildringa over.
For å forlengje eit gyldig løyve for utanlands tilarbeiding innanfor kvoteperioden, kan du trykkje på «forleng løyvet» i søknadssystemet. Det må vere eit identisk produkt for at du skal kunne nytte denne løysinga. Er ikkje produktet identisk, må du søkje om eit nytt løyve på vanleg måte.
Ved overgangen mellom to kvoteperiodar, kan du søkje om forlenging om du har sendt ut råvarer til tilarbeiding, som ikkje returnerer til Noreg før kvoteperioden går ut. Du må sende denne søknaden før kvoteperioden går ut. I kommentarfeltet må du opplyse om kva for løyve du skal forlengje og kor lang gyldigheit det nye løyvet skal ha. Du må òg ha ei tilgjengeleg kvote på det tidspunktet du søkjer.
Til dømes må råvarer som er sende ut i 2022, og som ikkje kjem attende til Noreg i ferdigarbeida form før i 2023, ha gyldig løyve ut i 2023. Du må sende søknad om eit slikt løyve før 31.12.2022.
Stoppe gyldige løyve
Du kan sjølv stoppe gyldige løyve i søknadssystemet. Før du stoppar eit løyve, må du vite kor mykje som er importert på løyvet. Restmengda som er att i løyvet vil bli ført attende til di kvote, og du kan søkje om uttak på nytt.