Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Søkje om ostekvoter frå EU og Storbritannia

Gjeld søknad om ostekvote med opphav EU og opphav Storbritannia, basert på historisk import

Husk Søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven kan søkje?

Føretak som er registrert i Einingsregisteret, kan søkje om tollkvote.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva kan du søkje om:

  • andel av tollavgiftsfri kvote for ost med opphav EU
  • andel av tollavgiftsfri kvote for ost med opphav Storbritannia (GB)
Kvotenamn Varenummer i tolltariffen Mengd (tonn) Tollavgiftssats (kr/kg) 
Ostekvote med opphav EU Heile posisjon 04.06 4701 0,00 
Ostekvote med opphav Storbritannia (GB) Heile posisjon 04.06 299 0,00 

Vilkår

  • Kvoteordninga gjeld rett til redusert tollavgift, for ei gitt mengd varer, innanfor ein gitt tidsperiode.
  •  Kvoter som vert fordelt etter søknad, vert fordelte etter innkommande søknadar via det elektroniske søknadssystemet.
  • Ostekvotene vert fordelte etter kvar søker sin andel av verdien av importert ost i ein kvalifiseringsperiode. Kvalifiseringsperioden er 24 månader fram til 1. oktober før kvoteåret.
  • For EU-kvota må du ha importert minst 15 tonn ost, uavhengig av opphav, i kvalifiseringsperioden for å få tildelt kvote.
  • For kvota frå Storbritannia må du ha importert minst 1 tonn ost frå Storbritannia i kvalifiseringsperioden for å få tildelt kvote.
  • Kvotene vert fordelte på bakgrunn av andelen av den totale importverdien som er oppgjeve i søknaden.
  • Ingen søkarar kan få meir enn 30 prosent av tollkvota for ost frå EU.
  • I tillegg til fordeling av ostekvote frå EU etter søknad, vert det òg fordelt ein ostekvote frå EU på auksjon (3 400 tonn). Her kan du lese meir om auksjonsordninga.

Dette bør du forberede

Når du søkjer om andel av ostekvote frå EU eller Storbritannia, vert du bedd om å fylle ut verdien av din import av ost dei siste 24 månadane før 1. oktober. Du må difor ha dette klart før du søkjer.

Utfylling av søknad

For å søkje om ostekvote må du fyrst søkje opp den aktuelle kvota inne i søknadssystemet. Trykk på kvota og deretter på «søk om kvoteandel». Når du søkjer, vert du bedd om å fylle inn verdien av importert ost under posisjon 04.06 i tolltariffen i kvalifiseringsperioden. Kvalifiseringsperioden er dei siste 24 månadene fram til 1. oktober. Det er ikkje mogleg å sende inn ein søknad utan å oppgje importverdien.

Søkjer du om ostekvote frå EU, må du oppgje verdien av all importert ost under posisjon 04.06 i kvalifiseringsperioden. Søkjer du om ostekvote frå Storbritannia må du oppgje verdien av importert ost frå Storbritannia i kvalifiseringsperioden.

Du må sende søknaden via det elektroniske søknadssystemet. Er du interessert i ein andel av både kvota frå EU og kvota frå Storbritannia, må du sende inn ein søknad for kvar kvote. Me tek ikkje imot søknadar på e-post.

Handsaming av søknaden

Mottak

Landbruksdirektoratet får søknaden og handsamar han etter at fristen har gått ut. Me sjekkar opplysningane, og ber om fleire opplysningar om det er naudsynt.

Handsaming

Landbruksdirektoratet handsamar søknaden og fattar eit vedtak. For ostekvotene hentar me inn statistikk frå Statistisk sentralbyrå som kontrollgrunnlag for importverdien.

Svar på søknaden

Du får ein e-post om at søknaden er ferdig handsama. Du må logge inn i søknadssystemet for å sjå sjølve vedtaket.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Du sender klagen til Landbruksdirektoratet. Om Landbruksdirektoratet ikkje gjer om på vedtaket, så vil Landbruks- og matdepartementet handsame klagesaka.

Les meir om retten til å klage i forvaltningsloven kapittel VI. Du kan òg be om å få sjå dokumenta i saka, jf. forvaltningsloven § 18 til 19.

Klagefrist: 3 veker

Viktige datoer

Søknadsfrist:

15. oktober året før kvota er gyldig

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk