Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Stoppe importløyve

Om du ikkje får nytta heile mengda på eit importløyve (ITT), kan du be om at løyvet vert stoppa og at restmengda vert ført attende til kvoteandelen din.

Kven kan be om stopp av importløyve?

Alle som eig ein kvoteandel og har teke ut ein ITT, kan be om å stoppe løyvet sitt. Når du har stoppa løyvet, kan du anten selje restmengda eller ta ut eit nytt løyve på eit anna varenummer. 

Før du ber om å stoppe løyvet

Før du ber om å stoppe ITT, må du vite kor mykje du har importert på løyvet.

Utfylling av stoppskjema

For å stoppe ITT må du logge inn i søknadssystemet. Du finn importløyvet ved å gå til fanen for tollkvoter og deretter finne fram til kvoten som du har tatt ut importløyve på. Her finn du ei liste over dine importløyver. Trykk på stopp importløyve. Når du trykkjer på stopp vert du bedd om å taste inn importert mengd. Importert mengd fortel kor mykje av løyvet du har nytta.

Handsaming av søknad

Saka vert handsama automatisk om du oppgjev korrekt importert mengd for løyvet.

Svar

Om stopp-saka vert handsama automatisk, får du svar same dagen. Vert du bedd om å sende inn tilleggsopplysningar får du svar i løpet av ti vyrkedagar.
 

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?