Uttak av tollkvote
For å nytte ein kvoteandel som du anten har fått tildelt eller kjøpt, må du søkje om uttak av kvote. Når søknaden er godkjend, får du eit importløyve som du treng ved fortolling av varene.
Kven kan søkje?
Alle som eig ein kvoteandel kan søkje om uttak av tollkvote.
Før du søkjer
Før du søkjer om uttak av tollkvote, må du vite kva for varenummer du skal søkje for og kva for mengd. Om kvota har varenummer med omrekningsfaktor, må du kontrollere om dette òg gjeld varenummeret du skal søkje om uttak på. I løyvet står den mengda du oppgjev i søknaden, men om varenummeret har omrekningsfaktor, vert det trekt ein større mengd frå kvota enn det som står i løyvet. Tek du til dømes ut 100 kg kjøtt utan bein på eit varenummer med omrekningsfaktor 1,33, vil 133 kg verte trekt frå kvota.
Utfylling av søknad
Gå til skjema for uttak av tollkvote via Altinn for å søkje. Her må du logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
I skjemaet skal du registrere
- Kva for kvote du skal søkje om uttak frå
- Kva for varenummer løyvet skal gjelde for
- Kor stor mengd løyvet skal vere på
Sende søknaden
Når du trykkjer «send søknad», så vert søknaden automatisk send. Du får opp ei stadfesting på skjermen som fortel at søknaden er send inn. Du får òg ei stadfesting i innboksen i Altinn.
Handsaming av søknaden
Handsaming av søknaden skjer automatisk.
Svar på søknaden
Du får svar på søknaden i innboksen i Altinn. Du får normalt svar nokre minutt etter at søknaden er send inn.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
løpande