Kompensasjon for riving og opprydding av pelsdyrhus
Pelsdyrproduksjon i Noreg skal avviklast innan 1. februar 2025. Dersom du har kostnader til riving og opprydding av pelsdyrhus, kan du søkje kompensasjon.
Hugs søknadsfristen
Kven kan søkje?
Eigar av anlegg for hald av pelsdyr kan søkje om kompensasjon.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje kompensasjon for
Du kan søkje kompensasjon for faktiske kostnader for riving og opprydding av bygningane til anlegget med tilhøyrande infrastruktur, som har vore direkte knytt til pelsdyrhaldet.
Dette gjeld
- riving og fjerning av bygningar, grunnmur og støypt flate
- fjerning av infrastruktur som ligg under bakkenivå
- opprydding i samband med rivinga
Etter riving og opprydding skal arealet vere planert berrmark.
Kort om ordninga
- Kompensasjon blir ytt til eigar av anlegg for hald av pelsdyr, dersom det tilfredsstilte gjeldande forskriftskrav pr. 15. januar 2018, og det vart halde pelsdyr i anlegget etter 1. januar 2015. Det er berre bygningar som har vore direkte knytt til pelsdyrhaldet som det kan givast kompensasjon for å rive.
- Pelsdyrproduksjonen må vere avslutta på vedtakstidspunktet. Produksjonen blir rekna som avslutta når det ikkje lenger blir halde levande pelsdyr i pelsdyrverksemda og pelsdyroppdrettaren har sendt frå seg skinna til auksjonshus.
- Kompensasjonen kan ikkje brukast til å drive handel med skinn.
- For at søknaden skal bli vurdert, må søknaden og planen for riving og opprydding vere fullstendig utfylt.
- Dersom riving og opprydding krev løyve etter anna regelverk, er søkjaren sjølv ansvarleg for å hente inn slike løyve.
- For at søknaden skal bli vurdert må søknaden og Plan for riving og opprydding av pelsdyrhus (LDIR-286) vere fullstendig utfylt. Kompensasjon blir berre gitt dersom arbeidet skjer etter ein plan som på førehand er godkjend av statsforvaltaren.
Dette bør du førebu
I tillegg til søknaden skal du fylle ut ein eigen plan for riving og opprydding. Du skal også leggje ved fleire vedlegg. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjemaet Kompensasjon for riving og opprydding av pelsdyrhus via Altinn, for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.
Søknadsfrist: 31. desember 2025.
I søknaden skal du registrere
- kven som søkjer
- kontonummer
- opplysningar om pelsdyrproduksjonen
- opplysningar om eigedom og eigarskap
- opplysningar som er knytte til kostnader for riving og opprydding
- kva for ein statsforvaltar som skal behandle søknaden, det vil seie der driftssenteret ligg
- eventuelle kommentarar
Du må fylle ut plan for riving og opprydding
I tillegg til søknadsskjemaet må du fylle ut skjemaet Plan for riving og opprydding av pelsdyrhus (LDIR-286) og laste det opp i søknaden.
I dette skjemaet skal du registrere
- situasjonskart (oversikt over arealet det blir søkt for og ramma bygningar. Det skal merkast av på situasjonskartet kva bygningar søknaden gjeld)
- tilbod på riving- og opprydding frå tenestetilbydar / oversikt over eigeninnsats
- skildring av infrastrukturen (til dømes planteikning)
- plan for avfallshandtering
- opplysning om forventa tidspunkt for ferdigstilt opprydding
Vedlegg til søknaden
- plan for riving og opprydding av pelsdyrhus (eige skjema)
- dokumentasjon på at anlegget som omsøkes tilfredsstilte gjeldande forskriftskrav pr. 15. januar 2018 og at det vart halde pelsdyr i anlegget etter 1. januar 2015.
- dokumentasjon på kostnader riving og opprydding
- tilbod på riving og oppryddingsarbeid
- dokumentasjon på eventuelt aktivitetsforbod
- dokumentasjon på at alle skinn er sende til auksjonshus
- eventuell annan dokumentasjon
Viss du ikkje har høve til å søkje digitalt kan du bruke skjema Søknad om kompensasjon for riving og opprydding av pelsdyrhus (LDIR-284), for å sende søknad på e-post eller i vanleg post:
Hugs at du i tillegg til søknaden må fylle ut og leggje med skjema Plan for riving og opprydding av pelsdyrhus (LDIR-286).
Sende søknad
Når du trykkjer på «Send inn», blir søknaden automatisk send til statsforvaltaren. Dersom du brukar papirskjema, sender du søknaden med vedlegg til statsforvaltaren der driftssenteret ligg.
Dersom du har kryssa av for at du ønskjer kvittering, får du dette tilsendt på e-post. Om du får kvittering på søknader som er sende som e-post eller vanleg post, er avhengig av rutinane hos kvar enkelt statsforvaltar.
Behandling av søknaden
Mottak
Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Det er statsforvaltaren som behandlar søknaden og gjer vedtak. For å få kompensasjon må planen du har sendt med for riving og opprydding, godkjennast. Statsforvaltaren vurderer derfor planen i samband med søknadsbehandlinga.
Vurdere tilbod
Dersom rivings- og oppryddingsarbeidet heilt eller delvis er sett ut til ein tenestetilbydar, vil statsforvaltaren vurdere om kostnadene som er førte opp i tilbodet, er rimelege ut frå innhald og karakter for arbeidet. Dersom kostnadene verkar urimeleg høge, kan statsforvaltaren be deg hente inn tilbod frå fleire tenestetilbydarar.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i innboksen din i Altinn. Dersom du har sendt papirsøknad, får du svar i e-post eller som brev i posten.
Utbetaling
Får du kompensasjon, må du du sende oppmoding til statsforvaltaren for å få betalt ut pengane. Kompensasjonen blir betalt ut i samsvar med føresetnadene i vedtaksbrevet.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte kompensasjonen.
Viktige datoar
Søknadsfrist
31.12.2025
Rettleiing
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.
Treng du hjelp?
Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke
Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.
Finn din statsforvaltar