Melde om bruk av gjødselvarer med avløpsslam
Ønskjer du å bruke avløpsslam på jordbruksareal? Då må du melde frå til kommunen minst to veker før levering.
Kven skal rapportere/melde
Den som skal bruke gjødselvarer med avløpsslam på jordbruksareal skal melde frå til kommunen minst to veker før første levering. Meldeplikta gjeld ikkje dersom du skal bruke avløpsslambasert gjødsel med særskilde bruksvilkår. Det vil komme fram av varedeklarasjonen om gjødselvara fell i denne kategorien.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du skal melde inn
Informasjon om gjødselvara, inkludert varedeklarasjon. Varedeklarasjonen får du av renseanlegget
- Mengda slam som skal brukast
- Kvar slammet eventuelt skal lagrast
- Kvar slammet skal spreiast
- Jordprøver for arealet
- Vurderingar av korleis du skal hindre forureining og luktproblem
Kort om ordninga
Bruk av gjødselvarer med avløpsslam kan ha helsemessige, hygieniske og forureiningsmessige ulemper. Målet med meldeplikta er å
- gi kommunane høve til å rettleie om og eventuelt krevje annan bruk av gjødselvara dersom ein ser at bruken ikkje vil vere i tråd med reglar for bruk av gjødselvarer med avløpsslam.
- registrere og seinare kunne spore kvar det blir brukt gjødselvarer med avløpsslam. Dette er eit krav i EUs slamdirektiv. På Mattilsynet sine nettsider kan du sjå ei oversikt over område der avløpsslam er brukt.
Dette bør du førebu
Til meldinga skal du leggje ved varedeklarasjon for avløpsslammet og analyseresultat frå jordprøver for arealet der slammet skal spreiast. Det er lurt å finne fram dette i god tid. I skjemaet skal du fylle inn opplysningar om gjødselvara. Du finn desse opplysningane i varedeklarasjonen frå reinseanlegget.
Du skal også registrere eventuelle private brønnar i området. Dersom du ikkje allereie veit kvar desse er, er det lurt å spørje naboar eller andre i god tid.
Du skal også vise kva for vassførekomstar som kan bli ramma og om det er bustadar, gangvegar etc. i nærleiken som kan bli utsett for lukt. Du skal forklare korleis du vil førebyggje forureining og luktulemper. Dette kan det vere lurt å diskutere med renseanlegget og/eller kommunen i planlegginga. Å varsle naboar er og god praksis.
Utfylling av melding
Skjema
Fleire av skifteplanleggingssystema for landbruket har lagt til rette for at du kan sende meldinga direkte via programma deira. Dette er det enklaste for deg som bonde. Du kan bruke registreringar som allereie ligg i systemet ditt, og får sjekka undervegs at du fyller ut rett. I dag har følgjande program støtte for dette. Fleire kan komme til etter kvart:
- Jordplan
- Skifteplan
- Agrilogg
- Farmable
- Agdir Farm
ELLER
Dersom du ikkje bruker eit skifteplanleggingssystem som tilbyr tenesta, må du bruke PDF-skjema. Skjema kjem her snarleg.
Hugs å melde frå seinast to veker før du får første leveranse, og gjerne tidlegare.
I skjemaet skal du registrere
- Informasjon om gjødselvara
- Mengd slam som skal brukast
- Kvar slammet eventuelt skal lagrast
- Kvar slammet skal spreiast
- Vurderingar av korleis du skal hindre forureining og luktproblem
I tillegg skal du leggje ved
- Jordprøver for arealet
- Varedeklarasjon for avløpsslammet. Varedeklarasjonen får du av renseanlegget.
Sende melding
Når du sender meldinga via skifteplanleggingsverktøyet ditt blir søknaden send automatisk til kommunen der størsteparten av spreiearealet ligg. Du får stadfesting på at meldinga er sendt inn både i skifteplanleggingsverktøyet og i innboksen din i Altinn.
ELLER
Dersom du bruker PDF-skjemaet sender du meldinga med vedlegg til kommunen din på e-post eller til postadressa til kommunen. Om du får stadfesting på at meldinga er registrert, avheng av rutinar i kvar enkelt kommune. Dersom du lagrar eller spreier avløpsslam i fleire enn ein kommune sender du meldinga til den kommunen der størsteparten av spreiearealet ligg.
Behandling av melding
Mottak
Når kommunen har fått meldinga kan dei velje å sjekke dei opplysningane du har sendt inn. Om kommunen treng meir informasjon kan dei be om dette. Dersom det manglar opplysningar kan det ta meir enn 14 dagar før du får svar på meldinga.
Behandling
Kommunen kan velje å gje ei tilbakemelding på den planlagde lagringa og spreiinga av avløpsslam. Det kan vere forslag til justering av plassering av lagringsplassen, reduserte spreiemengder etc. for å tilfredsstille regelverket og eksempelvis forslag til tiltak for å unngå luktplager for naboar. Kommunen kan også krevje forhold retta dersom den planlagde bruken ikkje er i tråd med regelverket.
Alternativt blir meldinga berre teken til etterretning av kommunen.
Du får ei tilbakemelding eller eit automatisk svarbrev innan to veker etter at du sende meldinga så framt meldinga var fullstendig utfylt då du sende den inn.
Kontroll
Uavhengig av eventuelle tilbakemeldingar frå kommunen har du sjølv ansvaret for å bruke gjødselvarer med avløpsslam i tråd med relevant regelverk, slik som gjødselbrukforskriften. Kommunen og Mattilsynet har høve til å føre tilsyn med at gjødselbrukforskriften blir følgd og kan gjere nødvendige vedtak.
Svar
Du får ei tilbakemelding eller eit automatisk svarbrev innan to veker etter at du sende meldinga. Du finn dette i meldingsboksen i Altinn. Dersom du sende meldinga via skifteplanleggingssystemet ditt vil du også finne svarmeldinga der.
Dersom meldinga ikkje inneheldt alle opplysningar som krevst då ho vart sendt inn, kan det ta lengre tid å få tilbakemelding.
Viktige datoer
Meldefrist:
14 dagar før du skal ta i mot gjødselvarer med avløpsslam
Når du får svar:
14 dagar etter du sendte meldinga
Trenger du hjelp?
Ta kontakt med kommunen din dersom du har spørsmål om regelverket. Dersom du har spørsmål om innsending via skifteplanleggingsverktøyet ditt tek du kontakt med leverandøren av tenesta.