Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Gjeld tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og planerte areal.

Kven kan søkje?

Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søkje om tilskot. Det kan også gjevast tilskot til eigaren av eit jordbruksareal som blir leigd ut. For planerte areal kan vi i tillegg gje tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Systematisk grøfting

Drenering med ein bestemt intensitet (avstand mellom grøftene) som dekkjer eit visst areal, tilstrekkeleg til å sikre ein tilfredsstillande dreneringstilstand på arealet.Ved avstand over 12 meter, er det mest relevant å søkje om usystematisk grøfting.

Usystematisk grøfting

Drenering for å tørrleggje mindre parti på arealet, der avstanden mellom grøfter og plasseringa av desse varierer etter behov.

Profilering

Overflateforming der eit system av opne grøfter med møneforma teigar mellom, sikrar overflateavrenning av arealet.

Omgraving

Omsnuing av jordprofilet på myrareal, slik at torvjord blir lagd under og eit lag av undergrunnsjord blir lagt på toppen. Føremålet med omgraving er å drenere arealet og betre bereevna.

Avskjeringsgrøfting

Grøftinga skal bidra til å hindre vassig frå ovanforliggande areal inn på jordbruksarealet.

Kort om ordninga

  • Føremålet med ordninga er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord ved å gje tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka matproduksjon, og å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.
  • Det kan gjevast tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Planerte areal er unnatekne frå vilkåret om at arealet tidlegare skal vere grøfta.
  • Ved nydyrking med planering kan ein ikkje få tilskot til drenering, fordi dreneringa er ein del av nydyrkingsarbeidet. 
  • Ein kan ikkje få tilskot dersom tiltaket fører til vesentleg skade for annan eigedom og naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining eller fare for skade på automatisk freda kulturminne.
  • Ein kan heller ikkje få tilskot dersom tiltaket er starta opp før tilskotet er innvilga.
  • Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå søknaden blei innvilga.

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje med kart med grøfteskisse og andre relevante vedlegg. Vi tilrår at du startar med dette i god tid før søknadsfristen.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Tilskot til drenering av jordbruksjord via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn. 

Hugs å sjekke søknadsfrist i din kommune. 

I skjemaet skal du

  • svare på spørsmål om tidlegare drenering og planering
  • beskrive arbeidet som skal gjerast, inkludert val av grøfteutstyr
  • velje tiltak du planlegg å gjennomføre
  • oppgi planlagt anleggsperiode og kven som skal utføre dreneringa
  • anslå totale kostnader for materiale og arbeid
  • svare på spørsmål om kulturminne og kulturmiljø, naturmangfald, avrenning og naboforhold

Du må laste opp kart med grøfteskisse. Kartet skal vise omriss av arealet som skal drenerast, plassering av hovudavløp, kummar og samle- og sugegrøfter. Søkjaren skal også merkje av område med erosjonsproblem eller tydeleg overflateavrenning, verdifulle landskapselement, naturmangfald og automatisk freda kulturminne i kart.  

I tillegg kan det vere aktuelt at du mellom anna lastar opp følgjande vedlegg (ikkje obligatoriske)

  • avtale med eigaren om å gjennomføre tiltaket
  • dokumentasjon av tidlegare drenering eller planering
  • detaljert kostnadsoverslag

Sende søknad

Når du trykkjer på «Send inn» i søknadsskjemaet, blir søknaden send til kommunen automatisk.

Du får stadfesting på at søknaden er registrert, i søknadsskjemaet og i «Min meldingsboks» i Altinn. Dersom du søkjer som privatperson, får du kvittering i Digipost/e-boks eller i vanleg post.

Satsar

Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 4 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan ein få 61 kroner per lengdemeter grøft avgrensa oppover til 4 000 kroner per dekar.

Behandling av søknaden

Mottak

Kommunen tek imot søknaden og kontrollerer opplysningane du har sendt inn. Ved behov for meir informasjon blir du beden om å ettersende dette.

Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist. Søknader som blir sende etter fristen, blir avviste.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.

Faglege prioriteringar

Tiltak der dreneringa både gjev auka jordbruksproduksjon og redusert fare for vassforureining, vil bli prioriterte.

Påverka kulturminne

Dersom dreneringstiltaket kan påverke automatisk freda kulturminne, vil også den regionale kulturmiljøforvaltninga vurdere søknaden. Kommunen hentar då inn fråsegn frå kulturmiljøforvaltninga.

Arkeologisk registrering

I enkelte saker kan det vere nødvendig med ei arkeologisk registrering før kulturmiljøforvaltninga kan uttale seg endeleg. Dersom arealet du søkjer om tilskot til, utgjer mindre enn 100 dekar, dekkjer staten alle utgifter til arkeologiske undersøkingar.

Brosjyra «Hva skjuler seg i JORDA? Spor etter forhistoriske hus og graver i dyrka mark», som Riksantikvaren gav ut i 2014, gjev råd om spor du kan sjå etter ved jordarbeiding, drenering, med meir. Han informerer også om kva du skal gjere ved arkeologiske funn i jorda.

I heftet Dei eldste spora i jordbrukslandskapet kan du lære meir om kulturminna i jordbrukslandskapet og om regelverket som gjeld for desse kulturminna. Hefte er gitt ut av Norges bondelag i samarbeid med Riksantikvaren i 2016.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i «Min meldingsboks» i Altinn og varsel på mobil og e-post som du har registrert under kontaktinformasjon i søknaden. Dersom det blir endringar i kontaktinformasjon, skal du endre dette i Altinn.

Du skal melde oppstart av dreneringsarbeidet

Du skal melde frå til kommunen når du startar dreneringsarbeidet, slik at kommunen kan føre tilsyn med arbeidet.

Plikt til å varsle om freda kulturminne

Om automatisk freda kulturminne blir oppdaga medan tiltaket er i gang, må du varsle kulturmiljøforvaltninga (fylkeskommunen/Sametinget) med ein gong, jf. kulturminneloven § 8 andre ledd. Arbeidet må også stansast dersom tiltaket kan øydeleggje kulturminnet ved at det blir skadd, tildekte, flytta eller på annan måte blir utskjemd.

Gje melding om avslutta grøfting før jordarbeiding blir sett i gang

For at kommunen skal kunne kontrollere tiltaket, må du sende melding om avslutta grøfting til kommunen før du set i gang med jordarbeiding.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.  
    
Klagefrist: tre veker.  

Klagebehandling: normalt innan tre månader.

Melde endringar i tiltaket

Tilskotet er knytt til det tiltaket du har søkt om, og det arealet du har heimfesta i kartet som er lagt ved søknaden. Om du ønskjer å endre tiltaket eller plasseringa av grøftearealet, må kommunen godkjenne dette.

Utbetaling

Kommunen utbetaler innvilga tilskot etter at du har bede om det, og kommunen har godkjent dokumentasjonen for tiltaket. Kommunen kan også utbetale tilskot på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utførte.

Slik får du utbetalt tilskotet

For å ha rett på tilskotet, må du gjennomføre tiltaket og rapportere innan fristen. 

Når tiltaket er gjennomført og før du set i gang med jordarbeiding, skal du via Altinn be om å få utbetalt tilskotet. Du må leggje ved grøftekart som dokumentasjon på at arbeidet er utført i samsvar med vilkår for tilskotet. I tillegg skal du leggje ved rapporteringsskjema frå Landbruksdirektoratet. Aktuell tilleggsdokumentasjon kan til dømes vere:

  • faktura frå entreprenør eller andre aktørar
  • kvitteringar for innkjøp av røyr og anna materiell

Grøftekartet skal vise:

  • målestokk og vere mellom 1:1 000 og 1:5 000
  • grøftene med merking av talet på meter og røyrdimensjonar for sugegrøfter og samlegrøfter
  • opne grøfter med merking av talet på meter drenert
  • talet på dekar drenert

Du skal også merke av og angi koordinatar for utløp og kummar i kartet. Dette vil forenkle arbeidet med å kontrollere, dokumentere og halde grøftene ved like i ettertid.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalinga, ved regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet. 

Viktige datoar

Søknadsfrist:

kommunen fastset søknadsfrist

Treng du hjelp?

Kontakt din kommune

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Til toppen AI-powered search

KI søk