Midlar til å fremja hestesport, hestehald og avl
Midlane skal fremja hestesport, hestehald og norsk hesteavl.
Kven kan søke?
Ikkje-fortenestebaserte organisasjonar som er registrerte i Einingsregisteret, kan tildelast midlar frå overskotet frå pengespel på hest.
Om prosessen:
Før du søkjer
Du kan søkja midla til tiltak eller prosjekt som skal bidra til å fremja hestesport, hestehald og norsk hesteavl.
Midla skal gå til ikkje-fortenestebaserte formål. Det blir ikkje gitt middel til rein drift. Det blir heller ikkje gitt midlar til allereie igangsette prosjekt.
Kven kan få midlar?
Det er ikkje-fortenestebaserte organisasjonar som kan få desse midlane, eksempelvis lag, foreiningar, stiftingar o.l. Bedrifter, offentlege verksemder, enkeltpersonsforetak og privatpersonar kan ikkje få desse midlane.
Med ikkje-fortenestebasert organisasjon meines, ein organisasjon som ikkje har erverv til formål, og som tilbakefører overskot til formålet med organisasjonen. Med omgrepet «ikkje-fortenestebasert» blir det sikta til aktivitetar som ikkje er eigna til å generera forteneste for dei som står bak aktivitetane.
Ein organisasjon kan likevel driva ein aktivitet som isolert sett er eigna til å gå med overskot. Vilkåret er at overskotet i sin heilskap blir ført tilbake til den frivillige verksemda. Det må vera nedfelt i vedtektene til organisasjonen at eit eventuelt overskot skal tilbakeførast til formålet. Dersom ein organisasjon driv verksemd som generer overskot som blir ført tilbake til formålet, men har nedfelt i vedtektene at utdelingar kan gjennomførast til eigarar/medlemmer, vil organisasjonen ikkje reknast for å driva ikkje-forteneste basert verksemd.
Kort om ordninga
- Midlane blir lyste normalt ut éin gong i året.
- Støttegrad: Landbruksdirektoratet kan gi middel på inntil 100 prosent av godkjende kostnader i prosjektet. Regelverket om offentleg støtte kan setja avgrensingar for støttegrad og tildeling.
- Prosjektvarigheit: inntil 3 år.
Statstøtte
Landbruksdirektoratet er ansvarleg for at midlane blir tildelte i samsvar med regelverket om offentleg støtte, som følgjer av EØS-avtalen art. 61 (1).
Dersom regelverket er gjeldande for den aktuelle søknaden vil tildelinga gjerast i tråd med føresegnene om såkalla bagatellmessig støtte, der dette er nødvendig. Dersom det er nødvendig å tildela midlane til eit prosjekt som bagatellmessig støtte, må søkjar fylla ut eit skjema med eigenerklæring om bagatellmessig støtte. Landbruksdirektoratet tek kontakt med søkjar for dei det gjeld.
Dette bør du forberede
All informasjon blir fylt ut i søknadsskjemaet i Altinn.
Det er ikkje eit krav med samarbeid i prosjektet, men viss du har med samarbeidspartnarar skal det leggjast ved intensjons- eller samarbeidsavtale(r) som ei stadfesting på avtalt samarbeid. Ved kjøp av tenester treng du ikkje fylla ut ein slik avtale.
Du må ha fått delegert riktig rett i Altinn av eigen organisasjon for å kunna fylla ut og senda inn søknad.
Finansieringskjelde
Midlane er ein del av overskotet frå pengespel på hest.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjema Midlar til å fremja hestesport- hald og -avl i Altinn, for å søkja. Her blir du bede om å logga inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn. Søkjar er ansvarleg for å senda inn fullstendig søknad med relevante vedlegg innan søknadsfristen, for å bli vurdert i den aktuelle søknadsrunden.
Søknadsfrist: sjå årets utlysing.
I skjemaet skal du registrer
- Kontaktinformasjon og målform
- Prosjekttittel og prosjektperiode
- Bakgrunn og behov
- Mål og målgruppe
- Metode, gjennomføring og framdriftsplan
- Organisering og samarbeidspartnarar
- Kostnadsoverslag og søknadsbeløp
I tillegg skal du leggja ved eventuelle intensjons- eller samarbeidsavtalar dersom det er aktuelt. Der det er nødvendig kan samarbeidspartnarar bidra med mellom anna fag, utdanning og nasjonal kompetanse, som kan sikra kvalitet og måloppnåing i prosjekta. Norsk Hestesenter kan vera samarbeidspartar frå søknadsomgangen 2026 pga. kompetansen sin og på nasjonal statistikk om dei nasjonale hesterasane.
Sende søknad
Når du har registrert og sendt søknaden i Altinn, vil Landbruksdirektoratet automatisk få søknaden din.
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, blir det sendt ei stadfesting til organisasjonen din sin innboks i Altinn, med varsel på e-post og/eller SMS til kontaktperson for prosjektet.
Behandling av søknaden
Mottak
Landbruksdirektoratet får søknaden og sjekkar om formelle krav til søknaden er oppfylt.
Viss søknaden inneheld feil eller manglar kan han bli avvist.
Søknader som blir sende inn etter søknadsfristen kan bli avvist.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
- Kontroll av informasjon som søkjaren har sendt inn og som har noko å seia for tildeling og berekning av tilskotsbeløp.
- Oppfyller søkjer vilkåra for å komma i betraktning for å kunna få midlar.
- Oppfyller prosjektet eller tiltaket det som det kan givast middel til.
Vurderingskriterier
Landbruksdirektoratet vurderer og prioriterer prosjekt ut frå:
- Formålet med ordninga og relevansen til utlysinga.
- Om prosjektet er av god kvalitet og svarer ut punkta på søknadsskjemaet på ein god måte. Det blir lagt vekt på at det kjem tydeleg fram av søknaden kva mål prosjektet har og korleis desse skal nåast, under dette korleis prosjektet konkret skal gjennomførast og kva det skal resultera i.
- For søknader om utvikling av kompetansetilbod blir det lagt vekt på at søknadene er tydelege på kva læringsmål og læringsutbyttet for deltakarane skal vera, kva form det ferdig utvikla kompetansetilbodet skal ha og kven som skal eiga og føra vidare tilbodet etter enda prosjektperiode.
- Fremjar kunnskap og utløyser aktivitet som elles ikkje ville funne stad.
I tillegg er me opptekne av at det skal vera breidde i prosjektporteføljen når det gjeld tematikk, fagområde, målgrupper og geografisk spreiing.
Fastsetting av tilskotsbeløp
Storleiken på midlane blir fastsett med grunnlag i kostnadsoverslaget til søknaden for gjennomføring av prosjektet. Det kan innvilgast middel inntil 100 % av kostnadene i overslaget.
Svar, rapportering og utbetaling
Svar
Ver merksam på at alle brev i saka blir sende til organisasjonen sin Altinn-innboks med varsel til kontaktperson på e-post og/eller SMS. Det er som oftast praktisk at prosjekteigar i søknaden oppgir prosjektleiar som kontaktperson. Viss det blir endringar i opplysningar om kontaktperson, gi beskjed til Landbruksdirektoratet.
Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn
Klage
Du kan klaga på vedtaket. Klaga blir send Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandla klagesaka dersom Landbruksdirektoratet ikkje gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker etter motteke vedtak.
Berekna tid for klagebehandling: normalt innan 3 månader.
Utbetaling
Utbetalingar blir baserte på forventa utgifter (ved førehandsutbetaling) eller komne og betalte utgifter (ved refusjon), etter godkjent budsjett for prosjektet. Utbetaling kan maksimalt gjerast to gonger per år. Du kan få utbetalt inntil 75 prosent av tilskotsbeløpet før prosjektet er gjennomført. Resterande beløp blir utbetalt når du har levert inn sluttrapport og endeleg rekneskap for prosjektet. Ved delutbetalingar skal det leggjast ved ein kort statusrapport (gjeld ikkje ved første førehandsutbetaling). Sjå meir informasjon under «statusrapport», lenger ned.
Oppmoding om førehandsutbetaling («a konto-beløp») må ta utgangspunkt i forventa utgifter for kommande halvår og godkjent budsjett for inneverande år. I desse tilfella må de leggja fram ei oversikt over når kostnadene er forventa å komma, storleiken på kostnadene, og kva aktivitetar i prosjektplanen kostnadene er knytt til. Ved neste oppmoding om førehandsutbetaling må det leverast rekneskap for bruken av midlane som allereie har vorte utbetalt.
Ved oppmoding om refusjon av betalte utgifter må det leggjast ved rekneskap over kostnadene og ei skildring av kva aktivitetar utgiftene er knytt til og dokumentasjon på kostnadene, til dømes bilag, kvitteringar og liknande.
Midlane blir avgrensa til kostnader som kan dokumenterast, men ikkje utover beløpet som kjem fram av vedtaket om middel.
Slik får du utbetalt pengane
For å få pengar utbetalt må du logga deg inn via Altinn og levera ei utbetalingsoppmoding digitalt på den eksisterande saka.
Melde frå om endringar
Viss tiltaket blir forseinka eller ikkje kan gjennomførast som føresett i vedtaket, må du så snart som mogleg ta kontakt med Landbruksdirektoratet. Du må gjera greie for og grunngi forseinkingar og/eller endringar, og eventuelt leggja fram oppdatert prosjektskildring og budsjett. Landbruksdirektoratet skal godkjenna forseinkingar eller endringar.
Statusrapport og delutbetaling undervegs i prosjektet
Du kan undervegs i prosjektperioden be om delutbetalingar. Delutbetalingar tek utgangspunkt i utgiftene i det godkjent kostnadsoverslaget. Utbetaling kan gjerast inntil to gonger per kalender år.
For å be om delutbetaling må du senda ei utbetalingsoppmoding i Altinn der du oppgir kor stort beløp du ønskjer utbetalt, kva kostnader beløpet skal dekkja, og leggja ved ein kort statusrapport.
Statusrapporten skal innehalda:
- Beskriving av status i prosjektet og aktivitetane som er gjennomførte så langt. Beskrivinga skal visa til tiltaka som var beskrivne i original prosjektplan. Til dømes vil kompetanseprosjekt som bruker foredragshaldarar kunne gi ei beskriving av kva foredraga handla om, korleis dette vart gjennomført og tilbakemeldingar som vart gitt.
- Det skal også givast ei beskriving av framtidige aktivitetar, korleis desse skal gjennomførast, og planen vidare for prosjektperioden.
- Oppgi kva kostnader som allereie har komme i prosjektet. Kostnadspostane er knytt til dei ulike tiltaka som de skal gjennomføra. Dette skal samsvara med dei som vart beskrive i prosjektplanen. Det skal leggjast ved dokumentasjon på tillagde utgifter og/eller betalte utgifter, til dømes fakturaer, bilag og kvitteringar.
Sluttrapport
Etter at prosjektet er gjennomført skal du levera ein sluttrapport for prosjektet. I vedtaksbrevet finn du informasjon om kva mal du skal bruka til å fylla ut sluttrapporten. Rapporten skal sendast til Landbruksdirektoratet via digital løysing i Altinn, saman med oppmoding om sluttutbetaling.
Sluttrapporten skal innehalda:
- Eit samandrag av gjennomføringa av prosjektet, er dette gjennomført som planlagt eller vart det gjort endringar i prosjektet.
- Ei beskriving av aktivitetane som er gjennomførte slik det kjem frami prosjektbeskrivinga.
- Eventuelle tilbakemeldingar frå deltakarar som har vore med på kurs eller liknande.
- Ei vurdering frå prosjekteigar om korleis gjennomføringa av prosjektet. Gi ei beskriving av om måla i prosjektet har vorte nådd og resultata i prosjektet.
I tillegg til sluttrapporten skal du leggja ved rekneskapsoversikt som viser kostnadene ved prosjektet. Rekneskapen skal setjast opp slik at det enkelt kan samanliknast med godkjent budsjett og finansieringsplan slik det vart beskrive i søknaden. Alle kostnadene i prosjektet skal leggjast ved, og det skal leggjast ved dokumentasjon på kostnader i form av bilag, kvitteringar eller fakturaer.
Frist for å senda sluttrapport: Så snart prosjektet er gjennomført og innan fristen i vedtaksbrevet.
Tilbakebetaling
Midlane kan krevjast betalt tilbake heilt eller delvis dersom det er gitt feil opplysningar eller utbetalt på feil grunnlag, eller der vilkåra i vedtaket om middel ikkje blir overhaldne.
Viktige datoar
Neste utlysing:
Vår 2026
Søknadsfrist:
Kommer
Når får du svar:
Normalt innen 8 arbeidsuker etter fristen