Tilskot til miljøtiltak i skog
Gjeld tilskot til tiltak som sikrar og vidareutviklar miljøverdiar som er knytte til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skog.
Kven kan søkje?
Skogeigaren kan søkje tilskot til miljøtiltak i på eigedommen sin.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
- Skjøtselstiltak: meirkostnader eller tap ved gjennomføring av tiltak for å sikre og utvikle miljøverdiar.
- Langsiktig bevaring: delvis dekning av økonomisk tap som er knytt til bevaring av spesielle miljøverdiar, der omsyn til desse krev at skogeigaren avstår frå hogst eller legg om skogdrifta.
- Villmarksprega område: dekning av meirkostnader ved skogdrift for å unngå vegbygging som vil redusere villmarksprega område.
Kort om ordninga
- Tiltak skal sikre og vidareutvikle miljøverdiar som er knytte til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skog.
- Dei ulike miljøtiltaka skal vere kartfesta.
- Miljøverdiane må kunne påvisast og dokumenterast.
- Meirkostnader eller tap skal vere tilstrekkeleg dokumenterte.
- Miljødata som er knytte til lokaliteten, kan offentleggjerast og brukast til statistikkproduksjon.
- Dersom eigedommen blir overdregen innanfor avtaleperioden, må skogeigaren gjere den nye eigaren kjend med tilskotet og vilkåra.
- For tilskotsordninga gjeld prioriteringane, vilkåra og satsane til kommunen.
- Det må liggje føre ein avtale med skogeigaren.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved nødvendig dokumentasjon om kostnader/meirkostnader/tap, og områda ein søkjer om, skal kartfestast. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til Skogfondssystemet via Altinn for å søkje tilskot. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn. Registrer søknaden under «Registrer miljøtilskot».
Hugs å sjekke søknadsfristen hos kommunen.
Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om tilskot til miljøtiltak i skog (LDIR-911) for å sende søknad på e-post eller som brev.
Dette skal du registrere
Det går fram, anten du legg inn søknaden på nett eller på skjema, kva for opplysningar som er påkravde for at søknaden skal kunne leverast fullstendig.
Opplysningane som skal vere med i søknaden, er
- grunnopplysningar (namn, adresse, bankkonto m.m.)
- informasjon om tiltaket/bevaringsområdet (føremål, tiltakstype, kvantum, areal, kostnad m.m.)
- kartfesting av området/områda
- aksept av søkjevilkår (elektronisk signering eller underskrift)
Skriv plassering av kvart enkelt område. I digital søknad legg du dette inn digitalt på kart. Når du nyttar papirskjema, må du leggje ved eit kartvedlegg til søknaden.
Eit godt overslag (dokumentasjon) på meirkostnader/tap skal leggjast ved søknaden.
Søknad
Send søknad med vedlegg til kommunen din. Dersom du søkjer digitalt, blir søknaden din automatisk send til rett kommune.
Dersom du søkjer digitalt, får du stadfesting i innboksen din i Altinn. Om du får stadfesting på søknaden du har sendt, på e-post eller i brev, er avhengig av rutinar i kvar enkelt kommune.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon, kan dei be om det.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid enn normalt.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten. Dersom du har søkt digitalt, får du svar i innboksen din i Altinn. Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar i løpet av 4 veker.
Utbetaling
- Tilskot til skjøtselstiltak, kan betalast ut når tiltaket er gjennomført.
- Tilskot til langsiktige tiltak kan utbetalast når du har inngått ein tiårsavtale med kommunen.
- Tilskot til villmarksprega område kan utbetalast når du har inngått ein tiårsavtale med kommunen.
- Om ikkje vilkåra for utbetaling går fram av vedtaket i kommunen, må du ta kontakt med kommunen for å få tilskotet utbetalt.
10-årsavtale med kommunen
Avtale med kommunen er normalt godkjend ved at du signerer vedtaket i kommunen i saka og returnerer det til kommunen. Kommunen kan setje krav om særskild avtale.
Klage
Du kan klage på vedtaket frå kommunen. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar på klaga i løpet av 4 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan kommunen krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
1. september og 1. november
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.