Til hovedinnhold

Tilskot til skogsdrift med taubane, hest og andre driftsmetodar

Gjeld tilskot til tiltak for utdrift av skogsvirke med taubane, hest og andre driftsmetodar.

Kven kan søkje?

Skogeigaren kan søkje om tilskot og må signere søknaden.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Kommunen fastset det enkelte år kva for driftsopplegg i skogbruket kommunen kan gje tilskot til.

Det driftsopplegget som det er vanlegast å gje tilskot til, er skogsdrift med taubane.

I delar av landet gjev ein også andre driftstilskot som kompensasjon for ulike driftsulemper – til dømes tilskot til lang terrengtransport, vekslande driftssystem og anna.

Kva for tiltak ein gjev tilskot til, og tilskotssatsane, kan variere mellom kommunane, fylka og landsdelane.

Kort om ordninga

  • Skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, kan få tilskot. Denne grensa kan fråvikast dersom søknaden gjeld tiltak i samarbeid mellom fleire eigedommar.
  • Ved fellestiltak skal det vere inngått ein skriftleg avtale mellom deltakarane om fordeling av kostnader og ansvar, og eventuelle vilkår for seinare oppfølging og vedlikehald.
  • Skogeigaren må ha fått førehandsgodkjenning av tiltaket frå kommunen.
  • Det må vere gjennomført miljøregistrering.
  • I område der det ikkje er gjort ordinære miljøregistreringar, skal føre-var-tiltaka som er nedfelte i Norsk PEFC skogstandard gjennomførast.
  • I tillegg må skogeigaren halde seg innanfor kommunen sine eigne
    • søknadsfristar
    • retningslinjer
    • vilkår

 Ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune for å få meir informasjon.

Dette bør du førebu

Den som planlegg drifta (skogeigaren eller skogbruksleiaren), må melde inn tiltaket til kommunen. Alle tiltak etter denne tilskotsordninga må ha ei førehandsgodkjenning frå kommunen før tiltaket/drifta kan setjast i verk.

Utfylling av søknad

Skjema

Bruk skjemaet Søknad om tilskot til drift med taubane, hest o.a. (LDIR-916) for å søkje.    

Hugs å sjekke søknadsfristen hos kommunen. 

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer, og opplysningar om utbetalinga
  • kva du søkjer tilskot til

Sende søknad

Send søknaden med relevante vedlegg til kommunen din.

Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune.

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon, kan dei be om dette.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid. 

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden på e-post eller i brev i posten, normalt i løpet av 3 veker etter at søknaden er motteken.

Utbetaling

Får du tilskot, blir pengane i hovudsak først betalte ut når arbeidet er fullført og sluttrekneskapen er godkjend av kommunen. Du kan også få utbetalingar etter kvart som delar av tiltaket eller prosjektet er utførte. Dette må godkjennast spesielt av kommunen.

Du kan sende ei oppmoding om utbetaling digitalt i Skogfondssystemet. Søknader du kan registrere utbetalingsoppmoding på, ligg på framsida under «Mine meldingar». Dersom du ikkje kan levere digitalt, kan du registrere via papirskjemaet Utbetalingsoppmoding for tilskot til drift med taubane, hest o.a. (LDIR-931) og sende til kommunen via e-post/brev.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.      

Klagefrist: innan 3 veker etter motteke vedtak.

Omtrentleg tid for klagebehandling: normalt innan 4 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

kommunen fastset søknadsfrist

Når du får svar:

Normalt innan 3 veker etter at søknaden er motteken.

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk