Generelle vilkår
Vi føreset at skogeigaren har gjort seg kjend med dei reglane og retningslinjene som gjeld for tilskotsordninga. Kommunen gjev om nødvendig rettleiing.
Kommunen kan setje vilkår for tilskotet i kvar enkelt sak.
Nyplanting
For nyplanting kan ein få inntil 60 prosent tilskot av medgåtte kostnader.
Ein kan få tilskot for inntil 50 planter/daa utover eit fastsett bonitetsavhengig minimumstal.
Tabellen nedanfor viser minimum plantetal og intervall som løyser ut tilskot på ulike bonitetar.
Bonitet |
Minste plantetal og intervall som løyser ut tilskot |
26 |
220 – 270 |
23 |
220 – 270 |
20 |
200 – 250 |
17 |
180 – 230 |
14 |
160 – 210 |
11 |
130 – 180 |
8 |
100 – 150 |
Klargjering av mark
For nyplanting etter klargjering av mark kan ein få inntil 60 prosent tilskot av medgåtte kostnader.
Ein kan få tilskot for inntil 50 planter/daa utover eit fastsett bonitetsavhengig minimumstal.
Tabellen nedanfor viser minimum plantetal og intervall som løyser ut tilskot på ulike bonitetar etter klargjering av mark.
Bonitet |
Minimumsplantetal og intervall som gjev tilskot etter klargjering av mark |
26 |
198 – 248 |
23 |
198 – 248 |
20 |
180 – 230 |
17 |
162 – 212 |
14 |
144 – 194 |
11 |
117 – 167 |
8 |
90 – 140 |
Suppleringsplanting
- For suppleringsplanting kan ein få inntil 30 prosent av medgåtte kostnader.
- Ein kan få tilskot til suppleringsplanting for å kome opp på eit minimum plantetal/daa på ulike bonitetar.
Tabellen nedanfor viser krav til minimum plantetal på ulike bonitetar.
Bonitet |
Minste plantetal/daa |
26 |
220 |
23 |
220 |
20 |
200 |
17 |
180 |
14 |
160 |
11 |
130 |
8 |
100 |