Arealtilskot blir gitt etter den sona areala er lokalisert i.

Arealtilskot er eit av fleire tilskot ein kan søkja om i søknad om produksjons- og avløysartilskot i jordbruket. Det er fleire andre tilskotsordningar i produksjonstilskotsordninga som bruker same soneinndeling som arealtilskot:

  • Soner for distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker er lik soner for arealtilskot, og blir gitt etter den sona der produksjonen av veksten har skjedd. Dersom føretaket har produksjon av same vekst på areal i ulike soner, blir tilskot gitt etter den sona der føretaket har størstedelen av det tilskotsrettmessige arealet sitt av veksten.
  • Sonene for arealtilskotet blir også brukte for driftstilskot til mjølkeproduksjon og driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon. Tilskot blir då gitt etter den sona der driftssenteret til føretaket er plassert.

Ei beskriving av kva soner som gjeld for dei ulike tilskotsordningane for produksjonstilskot, finn du i Beregningsveilederen - kapittel 2: Ulike satsar i ulike geografiske område.

Når det i tabellbeskrivingane under, står «unnateke tidlegare …. kommune» eller «tidlegare …. kommune», gjeld det kommunen slik han var før han siste gong slutta å vere sjølvstendig kommune.

Norgeskart med soneinndelinger i ulike farger.
Sonekart Arealtilskudd

Kart med soner for arealtilskudd