Melde om oppstart av lokal foredling av melk
Ynskjer du å foredle mjølk på eller i nærleiken av eigendommen der mjølka vert produsert? Da må du melde i frå til Landbruksdirektoratet før du startar opp.
Kven skal melde?
Føretak som skal foredle mjølk lokalt, og som nyttar eiga mjølk eller mjølk direkte frå mjølkeprodusent, må melde ifrå om oppstart. Mjølkeprodusenten treng ikkje søkje om lokalforedlingskvote fordi denne kvoten utgjer differansen mellom eventuell grunnkvote som føretaket disponerer og produksjonstaket.
Om prosessen:
Før du melder ifrå
Kort om ordninga
Ein kan ikkje levere mjølk produsert innanfor lokalforedlingskvote til meieri. Ein kan berre nytta mjølka til lokal foredling av produkt som vert omsette direkte.
Utfylling av søknad
Skjema
Nytt skjemaet i lenkene under:
- Melde om oppstart av lokal foredling av mjølk (LDIR-861) Nynorsk
- Melde om oppstart av lokal foredling av melk (LDIR-861) Bokmål
Skjemaet er elektronisk, og du må logge inn via ID-porten.
I skjemaet skal du registrere
- Opplysningar om foredlingsføretaket
- Opplysningar om mjølkeprodusent
- Avstand i km om foredlinga skjer på ein anna eigedom enn der mjølka produserast
Har føretaket fleire mjølkeprodusentar?
Om føretaket skal foredle mjølk frå fleire produsentar, må du skrive det inn i kommentarfeltet.
Vedlegg
Du må leggje ved ein kopi av registreringa eller ei godkjenning frå Mattilsynet. Du skal òg leggje ved siste kontrollrapport frå Mattilsynet om denne ligg føre.
Sende melding
Du sender meldinga elektronisk, og du får ei kvittering på at meldinga er send.
Handsaming av meldinga
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har fått meldinga så sjekkar dei opplysningane som er sende inn. Om dei treng meir informasjon, vil direktoratet be om dette.
Svar
Du får svaret på meldinga i ein e-post. Du får vanlegvis svar to veker etter at Landbruksdirektoratet fekk meldinga. Foredlingsføretaket får da moglegheit til å rapportere omsetning av lokalforedla mjølkeprodukt til Landbruksdirektoratet. Rapportering skjer via Altinn.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
Løpande
Når du får svar:
Normalt innan 2 veker