Til hovedinnhold

Kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

Pelsdyrproduksjon i Noreg skal avviklast innan 1. februar 2025. Dersom du avviklar før denne fristen, kan du søkje kompensasjon for pelsdyr og pelsdyranlegg.

Kven kan søkje?

Pelsdyroppdrettarar kan søkje kompensasjon.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje kompensasjon for

Du kan søkje kompensasjon for

  • bokført verdi av drifts- og anleggskapital som høyrer til pelsdyroppdrettaren, og som har vore i bruk i pelsdyrverksemda
  • avlstisper av mink og rev
  • større påkostnader som er gjorde etter 10. januar 2017, men før 15. januar 2018
  • lågare årleg alderspensjon for pelsdyroppdrettarar som er fødde 1. februar 1963 eller tidlegare, og som tek ut alderspensjon etter fylte 62 år, men før fylte 67 år (gjeld dersom du ikkje har anna løns- eller næringsinntekt som overstig to gonger grunnbeløpet etter folketrygda)

Kort om ordninga

  • Kompensasjon blir gjeve til pelsdyroppdrettarar som heldt pelsdyr for pelsdyrproduksjon 15. januar 2018.
  • Kompensasjon kan bli gitt til pelsdyroppdrettarar som 15. januar 2018 hadde opphald i pelsdyrhaldet etter pelsing i andre halvår 2015 eller seinare på grunn av at dei deltok i eit organisert opplegg for sanering av smittsam dyresjukdom, og som disponerte eit intakt anlegg for hald av pelsdyr med sikte på å ta opp att produksjonen.
  • Pelsdyrproduksjonen må vere avslutta på vedtakstidspunktet. Produksjonen blir rekna som avslutta når det ikkje lenger blir halde levande pelsdyr i pelsdyrverksemda og pelsdyroppdrettaren har sendt frå seg skinna til auksjonshus.
  • Kompensasjonen kan ikkje brukast til å drive handel med skinn.

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved vedlegg. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.

Sende søknad

Når du trykkjer på «Send inn», blir søknaden automatisk send til statsforvaltaren. Dersom du har kryssa av for at du ønskjer kvittering, får du dette tilsendt på e-post.

Dersom du brukar papirskjema, sender du søknaden med vedlegg på e-post eller i vanleg post til statsforvaltaren der driftssenteret ligg. Om du får kvittering på søknader som er sende som e-post eller vanleg post, er avhengig av rutinane hos kvar enkelt statsforvaltar.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.         

Hugs søknadsfristen som er 12 månader etter avvikling.

I skjemaet skal du registrere

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • kontonummer
  • opplysningar om pelsdyrproduksjonen
  • opplysningar om eigedom og eigarskap
  • kva du søkjer kompensasjon for
  • eventuelle kommentarar

I tillegg skal du leggje ved vedlegg: 

  • dokumentasjon på opphald i pelsdyrhaldet per 15. januar 2018
  • dokumentasjon på talet på avlstisper om du ikkje har søkt om produksjons- og avløysartilskot
  • skatterekneskap for føretaket frå 2017
  • dokumentasjon av større påkostnader i pelsdyrverksemda etter 10. januar 2017, men før 15. januar 2018
  • dokumentasjon av eigeninnsats ved større påkostnader
  • dokumentasjon på eventuelt aktivitetsforbod etter dyrevelferdslova
  • dokumentasjon på at alle skinn er sende til auksjonshus
  • eventuell annan dokumentasjon

Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr (LDIR-283) for å sende søknad på e-post eller i vanleg post.

Behandling av søknaden

Mottak

Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i innboksen din i Altinn. Dersom du har sendt papirsøknad, får du svar i e-post eller som brev i posten.

Utbetaling

Får du kompensasjon, må du du sende oppmoding til statsforvaltaren for å få betalt ut pengane. Kompensasjonen blir betalt ut i samsvar med føresetnadene i vedtaksbrevet. 

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.   

Klagefrist: 3 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte kompensasjonen.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

12 månader etter avvikling av pelsdyrhaldet

Treng du hjelp?

Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Finn din statsforvaltar

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk