Til hovedinnhold

Tilskot til investeringar i setrar med mjølkeproduksjon

Tilskotsordninga skal bidra til langsiktig seterdrift og støtte investeringar som legg til rette for mjølkeproduksjon på setra over tid.

Husk Søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven kan søkja?

Føretak som er registrert i Einingsregisteret, og som driv mjølkeproduksjon frå ku, geit og/eller sau, kan søkja tilskot. Det er ikkje eit krav at mjølkeproduksjonen går føre seg på setra på søknadstidspunktet. Du treng ikkje å eiga seterbygningane eller eigedommen for å kunna søkja. Både enkeltsetrar og fellessetrar kan søkja.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkja tilskot til

Du kan søkja om tilskot til investeringar som er eigna til å halda oppe, ta opp att eller starta mjølkeproduksjon på setra. Tiltaka skal vera varige, ha ein samla kostnad på minst 500 000 kroner, og kan ikkje vera påbyrja før søknaden er send.

Eigna inneber at tiltaket skal:

  • vera naudsynt for å sikra mjølkeproduksjonen på setra i minst ti år
  • ha ein direkte samanheng med evna og moglegheita føretaket har til å driva mjølkeproduksjonen

Med tiltak siktar ein til dei konkrete investeringane du skal gjera. Prosjekt er heilskapen, og omfattar alle tiltaka samla, saman med beskriving, kostnader og ein plan for gjennomføring.

Døme på tiltak det kan givast tilskot til, og som bidreg til dette formålet, er:

  • driftsbygningar som fjøs, mjølkestall og lagerrom som er naudsynte for mjølkeproduksjonen på setra
  • fastmontert produksjonsutstyr
  • fast infrastruktur som veg, vatn, straum og avløp
  • naudsynte tekniske installasjonar og energitiltak, som større solcellepanel

Lista over er ikkje uttømmande. Også andre tiltak kan vera aktuelle, så lenge dei vert vurderte som eigna og nødvendige for mjølkeproduksjon på setra.

Det vert ikkje gitt tilskot til kostnader knytte til:

  • løpande drift (til dømes fôr, kjøp av dyr og løpande energikostnader)
  • kjøp av maskiner eller køyretøy
  • drenering av jordbruksareal
  • flyttbart utstyr (til dømes aggregat og gjerde)
  • eigeninnsats, eige utstyr og eigen masse eller trevirke
  • tiltak som vert dekte gjennom andre tilskotsordningar

Kort om ordninga

Tilskotet er eit eingongstilskot på 500 000 kroner per seter.

  • Midlane vert lyste ut normalt ein gong i året.
  • Tilskotet kan utgjera heile, eller delar av dei totale kostnadene i prosjektet.
  • Det kan ikkje givast tilskot til same seter fleire gonger.
  • Tiltaket må normalt være gjennomført seinast tre år frå tilskotet vart innvilga.

Krav til drift i tilskotsperioden

Når du får tilskot, forpliktar du deg til å driva mjølkeproduksjon på setra i 10 år.

I kvar sesong skal drifta oppfylle følgjande krav:

  • minst 4 vekers produksjonsperiode
  • gjennomsnittleg dagleg produksjon på minst
    • 45 liter kumjølk, eller
    • 25 liter geitemjølk, eller
    • 15 liter sauemjølk
  • mjølka skal anten leverast til meieri eller foredlast lokalt

Med lokal foredling siktar ein til at mjølka vert foredla på setra, på garden, eller i foredlingsanlegg i relativ nærleik til setra.

Dette bør du førebu

Før du søkjer, bør du:

  • ha oversikt over kva tiltak som skal inngå i prosjektet
  • vita korleis tiltaka bidreg til langsiktig mjølkeproduksjon på setra
  • ha eit kostnadsoverslag for tiltaka
  • ha adresse eller kartkoordinatar til setra tilgjengeleg

Ein godt førebudd søknad gjer det enklare å behandle saka.

Viktig å vite før du søkjer

Når du får tilskot, forpliktar du deg til å driva mjølkeproduksjon på setra i 10 år. Plikta gjeld frå mjølkeproduksjonen startar, og inneber at setra skal vera i aktiv drift i heile perioden, med dei produksjonskrava som følgjer av ordninga. Før du søkjer, bør du derfor vurdera om føretaket har føresetnader for å driva mjølkeproduksjon på setra over tid.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjema Tilskot til investeringar i setrar med mjølkeproduksjon via Altinn for å søkja om tilskotet. Her vert du bede om å logga inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn. 

Du må søkja innan søknadsfristen, som er 1. juni 2026.

I skjemaet skal du registrera

  • kontaktinformasjon og målform
  • adresse eller kartkoordinatar til setra
  • informasjon om mjølkeproduksjonen på gården og på setra
  •  ei kort beskriving av prosjektet og tiltaka
  • prosjektperiode
  • kostnadsoverslag

I tillegg skal du lasta opp prosjektbeskriving, og leggja ved relevant dokumentasjon som underbyggjer kostnadsoverslaget. Dette kan til dømes vera pristilbod, overslag eller anbod frå leverandør eller entreprenør, eller annan dokumentasjon som viser korleis kostnadene er berekna.

Last opp andre vedlegg som dokumenterer tiltakene og underbygger kostnadsoverslaget. Dette kan for eksempel være pristilbud, overslag eller anbud fra leverandør eller entreprenør, eller annen dokumentasjon som viser hvordan kostnadene er beregnet.

Bruk malen Prosjektbeskriving som skal leggjast ved i digitalt søknadsskjema.

Sende søknad

Når du sender søknaden i Altinn, går den automatisk til Landbruksdirektoratet.
Du får stadfesting på at søknaden er motteken i innboksen i Altinn.

Behandling av søknaden

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, kontrollerer me opplysningane som er sendt inn. Dersom det er trengst meir informasjon, kan me be deg om å ettersenda dette.

Søknader som vert sende etter fristen vert avviste.

Behandling

Landbruksdirektoratet vurderer om søknaden oppfyller vilkåra for ordninga og gjer vedtak.

Dersom ein eller fleire kostnadar ikkje vert godkjende, og dette medfører at samla kostnad for dei godkjende tiltaka fell under 500 000 kroner, vil det ikkje bli innvilga tilskot.

Dersom det kjem inn fleire kvalifiserte søknader enn det er midlar til, vil Landbruksdirektoratet gjere ein samla vurdering og prioritering.

I vurderinga vert det mellom anna lagt vekt på:

  • Kvaliteten og gjennomføringsevna for prosjektet
  • Om prosjektet er godt planlagt og tiltaket er tydeleg beskrive
  • Korleis tiltaket bidreg til å sikra mjølkeproduksjon på setra på lang sikt
  • Om kostnadsoverslaget er realistisk og mogleg å dokumentera
  • Bredde i prosjekttypane
  • Geografisk spreiing mellom setrane

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut til kontroll. Du pliktar å gi naudsynte opplysningar og dokumentasjon, og å leggja til rette for kontroll, inkludert stadleg kontroll. Kontroll kan medføra noko lengre saksbehandlingstid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i føretakets innboks i Altinn.

Utbetaling og rapportering

Utbetaling kan skje etter kvart som det vert dokumentert framdrift i gjennomføringa av tiltaket.

For investeringstiltak som vert gjennomførte over tid, kan det givast delutbetaling undervegs i prosjektperioden, basert på rapportert framdrift og påkomne kostnader som inngår i det godkjende kostnadsoverslaget. Det kan utbetalast inntil 90 prosent av tilskotet før prosjektet er ferdigstilt. Resterande tilskot vert halde tilbake og vert utbetalt som sluttutbetaling, etter at tiltaket er gjennomført og sluttrapport og rekneskap er levert og godkjend.

For å få delutbetaling eller sluttutbetaling må du senda inn utbetalingsoppmodning og naudsynt rapportering via Altinn.

Ved delutbetaling må du leggja ved ein statusrapport for prosjektet som viser kva tiltak som er gjennomførte så langt. Du må oppgje kva kostnader som har påkomne, og gje opplysningar som gjer det mogleg å vurdera grunnlaget for utbetaling.

Dersom prosjektet avvik frå prosjektplanen, må dette grunngjevast nærare.

Når tiltaket er ferdigstilt, skal du levera ein sluttrapport saman med oppmoding om sluttutbetaling. Sluttrapporten skal mellom anna visa:

  • Korleis tiltaka er gjennomført
  • at tiltaka er ferdigstilte (til dømes gjennom bilete)
  • rekneskapar som viser faktiske kostnader, til dømes i form av bilag, kvitteringar, kontraktar m.m.

Nærare informasjon om rapportering, dokumentasjon og fristar følgjer av vedtaket og rettleiinga i Altinn.

Endringar i prosjektet og dispensasjon

Dersom tiltaket eller tiltaka vert forseinka, endra eller ikkje kan gjennomførast som føresett i vedtaket, må du så snart som mogleg ta kontakt med Landbruksdirektoratet. Du må gjera greie for situasjonen og kan bli bede om å senda inn oppdatert prosjektbeskriving og budsjett. Endringar og forseinkingar må godkjennast.

I særlege tilfelle kan det givast dispensasjon frå enkelte vilkår. Dispensasjon vert ikkje gjeve rutinemessig. Det føreset upårekna forhold du ikkje rår over, som får reell betyding for gjennomføring eller drift. Dette kan til dømes vera alvorleg sjukdom eller andre ekstraordinære hendingar. Brukarskifte gjer normalt ikkje grunnlag for dispensasjon, då dette som regel er planlagt og føreseieleg. Om dispensasjon kan givast vert vurdert konkret i kvar enkelt sak opp mot formålet med ordninga.

For at dispensasjon skal kunna vurderast, må forholda vera kjende for Landbruksdirektoratet. Du må gjera greie for situasjonen, og det kan ved behov vera aktuelt å leggja fram dokumentasjon som underbyggjer forklaringa.

Klage

Du kan klaga på vedtaket. Klaga vert send til Landbruksdirektoratet. Dersom Landbruksdirektoratet ikkje gjer om vedtaket, vert klaga send vidare til Landbruks- og matdepartementet for behandling.

Klagefrist: 3 veker frå du mottek vedtaket.
Berekna tid for klagebehandling er normalt inntil 3 månader.

Klaga kan sendast:

  • per e‑post til Postmottak@landbruksdirektoratet.no
  • per post til Landbruksdirektoratet, Postboks 56, 7701 Steinkjer

Tilbakebetaling og renter

Dersom vilkår i vedtaket ikkje er oppfylt, eller det er gitt feilaktige eller mangelfulle opplysningar, kan Landbruksdirektoratet stansa eller redusera utbetaling av tilskot og krevja tilbakebetaling.

For tilbakebetalingskrav kan det krevjast renter dersom kravet ikkje vert innfridd ved forfall. Ved grov aktløyse eller forsett kan renter krevjast frå tidspunktet du burde ha skjønt at vilkåra for å få tilskotet ikkje var oppfylt, tidlegast frå utbetalinga av det urettmessige tilskotet.

Viktige datoer

Søknaden opnar:

1. mai

Søknadsfrist:

1. juni

Svar på søknaden:

Normalt innan 8 veker etter søknadsfristen

Treng du hjelp?

Har du spørsmål om ordninga, kan du ta kontakt med Landbruksdirektoratet.

Du finn kontaktinformasjon her

Spørsmål om konkrete søknader kan først svarast etter at søknad er sendt inn.

Til toppen AI-powered search

KI søk