Overdraging
For å ha rett på tidlegpensjon kan brukaren og/eller ektefellen/sambuaren til vedkomande ikkje lenger eige eller forpakte ein landbrukseigedom. Dei kan heller ikkje drive eller ha næringsinntekt frå jordbruk/gartneri eller skogbruk. Det er heller ikkje mogleg å vere innehavar av, deltakar i, aksjonær i eller elles ha næringsinteresser i føretak som driv slik verksemd.
År i næringa
- For å ha krav på tidlegpensjon må brukaren på overdragings- eller oppseiingstidspunktet anten
- ha drive jordbruk/gartneri sjølv i minst 15 år, eller
- ha leigd ut til landbruksdrift i perioden, slik at den samla perioden for eiga drift eller utleige utgjer minst 15 år
- For å ha krav på tobrukarpensjon må i tillegg ektefellen/sambuaren ved overdragings- eller oppseiingstidspunktet ha budd og arbeidd på landbrukseigedommen dei siste 5 åra.
Aldersgrenser
- Jordbrukarar som har fylt 62 år, kan få einbrukarpensjon. For å få tobrukarpensjon må i tillegg ektefellen/sambuaren ha fylt 57 år.
- Retten til tidlegpensjon fell bort for brukaren og ektefellen/sambuaren ved utgangen av den månaden brukaren fyller 67 år.
- Dersom ektefellen/sambuaren er eldre enn brukaren, fell retten til ektefellen/sambuaren bort ved utgangen av den månaden denne fyller 67 år, medan brukaren held fram med sin tobrukardel fram til fylte 67 år.
- Dersom brukaren går ut av ordninga før fylte 67 år, kan ektefellen/sambuaren halde fram med sin tobrukardel til utgangen av den månaden brukaren fyller 67 år.
Referanseinntekt
- Referanseinntekt er gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk i ein referanseperiode på fem år. Referanseperioden er fem samanhengande år, der siste år er to år tilbake i tid i forhold til søknadsåret.
- Den samla referanseinntekta til brukaren og ektefellen/sambuaren må minst vere 90 000 kroner. Gjennomsnittleg næringsinntekt i referanseperioden frå jordbruk/gartneri må utgjere minst 25 prosent av samla referanseinntekt.
Inntektstype
- For einbrukarpensjon: Referanseinntekta til brukaren må utgjere minst 67 prosent av den samla inntekta til brukaren, eller den samla referanseinntekta til brukaren og ektefellen/sambuaren må utgjere minst 50 prosent av den samla inntekta deira.
- For tobrukarpensjon: Ektefellen/sambuaren må ha mindre enn 100 000 kroner i anna inntekt, og den samla referanseinntekta til brukaren og ektefellen/sambuaren må utgjere minst 50 prosent av den samla inntekta deira.
- Samla inntekt er summen av referanseinntekt og anna inntekt.
Deling av tobrukarpensjon
- Tobrukarpensjon blir delt likt mellom brukaren og ektefellen/sambuaren. Same fordeling blir ført vidare ved skilsmisse/samlivsbrot.
- Dersom brukaren eller ektefellen/sambuaren som får tobrukarpensjon, døyr i tidlegpensjonsperioden, går den attlevande parten over på einbrukarpensjon.