Fylkesvise rentemidlar frå skogfond
Gjeld midlar til tiltak som kjem det regionale skogbruket si næringsverksemd til gode.
Kven kan søkje?
Organisasjonar og institusjonar som arbeider med prosjekt som kan vere relevant for det regionale skogbruket si næringsverksemd, kan søkje tilskot.
Kva du kan søkje tilskot til
Informasjonsmateriell, informasjonsutstyr og dekning av fellesutgifter i samband med skogfagleg informasjon, arrangement og utflukter, rettleiing og opplæring for skogeigar, skoler, samarbeidande etatar og organisasjonar, eller spesielle grupper og allmenta.
Organisasjonar og institusjonar som jobbar aktivt for å fremje interesse for eller utvikling av skogbruk.
Dekning av felleskostnadar ved områdevise takstar eller skogbruksplanar, som forarbeid, informasjon, takstar, biletmateriell, ortofoto, kart og presentasjonar av områdevise tal.
Korleis søkje
Informasjon om tilskotsordninga, søknadsfristar og krav til søknad finn du på statsforvaltaren si nettside. Søknaden sender du til statsforvaltaren.
Treng du hjelp?
Kontakt Statsforvalteren i ditt fylke
Statsforvalteren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettigheter.
Finn din Statsforvalter