Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på Bokmål

Fjellgårdene i Sunndal

Det utvalde området ligg lengst aust i Sunndal kommune og grensar mot Trøndelag og Viken.

 

Landskapet ved Grøvuvassdraget er dramatisk, med stupbratte lier, fossar, djupe juv og elvegjel. Bak breie fjelldalar ligg fjellviddene med høge toppar. Fjellgardane har innmark opp til 800 meter over havet, og dei fem aktive bruka driv med sau, geit og storfe. Her er kalkrike og svært artsrike seterdalar med slåttemarker, naturbeitemarker og beiteskog. Fangstgraver, gamle hustufter og gravrøyser vitnar om bruk av området sidan steinalderen. Gardane og setrene har gamle, velhaldne bygningar av høg verdi.  Ei seter er framleis i drift med mjølkekyr og produksjon av smør og ost. Delar av området er Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde, som grenser til Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. 

 

I Grøvudalen blir seterdrifta hver sommer ført videre i ubrutt tradisjon. Foto Oskar Puschmann

Fakta  

Fylke

Møre og Romsdal 

Kommune

Sunndal 

Jordbruksregion 

Sør-Norges dal- og fjellbygder 

Områdetype 

Gårds- og seterlandskap ved Grøvuvassdraget 

Areal 

101 000 dekar