Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på Bokmål

Gjuvslandslia

Gjuvslandslia høyrer til garden Gjuvsland på Varaldsøy og omfattar sju teigar i ei bratt li ned mot Hardangerfjorden.

 

I tillegg til slått og beiting har det vore hausta lauv til fôr, teke ut hassel til tønneband, hausta nøtter, plommer, barlind og kristtorn. Her er edellauvskog med rikt innslag av kalkkrevjande artar. Størstedelen av området er landskapsvernområde med plantelivsfreding for treslaga barlind og kristtorn. Delar av lia var nokre år prega av gjengroing, men har no i aukande grad velstelt og artsrik slåttemark. Området har ei sag som har vore vassdriven og tredemningar etter sagbruksdrifta. Stien gjennom teigane går delvis på bakkemurar og på fleire av teigane står det utløer og naust som er knytt til den tradisjonelle drifta.

 

Slåttemark, utløe og hesjestaur ved fjorden i Gjuvslandslia. Foto Statsforvalteren i Vestland

Fakta

Fylke

Vestland

Kommune

Kvinnherad

Jordbruksregion

Fjordene på Vestlandet og i Trøndelag 

Områdetype

Høstingslandskap i utmark. Utslåtter under gården Gjuvsland på Varaldsøy 

Areal

100 dekar