Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Nordherad

I Nordherad er eit aktivt jordbruksområde i eit bratt, sørvendt og ope mosaikklandskap ved Vågåvatnet.

Skålgroper og andre kulturminne fortel om busetting i bronsealderen. Dei fyrste spor av jordbruk er frå ca. 200 e. Kr. Om lag 30 jordbruksføretak, dei fleste med beitande husdyr, driv all jorda. Ovanfor grenda ligg to setergrender. Store, lafta bygningar dominerer landskapsbildet, og her er mange godt bevarte, mindre uthus. Nordherad har Noregs tettaste samling av freda landbruksbygningar, 38 hus fordelt på seks gardstun. Her er òg gamle vatningssystem og andre kulturminne. Tørt klima og kalkrik berggrunn gir ein artsrik «steppevegetasjon». Området har internasjonal status i biologisk samanheng, særleg knytt til ugjødsla beitemark. 70 raudlisteartar er registrerte. Innanfor området ligg to naturreservat med kalkfuruskog og gamal kulturmark.

 

Tunet på Valbjør gård har to freda hus og en rekke andre lafta bygninger - karakteristisk for de husdyrbaserte gårdene i Nordherad. Foto: Ragnhild Hoel, Riksantikvaren

 

Nynorsk logo for utvalgte kulturlandskap i Nordherad

Fylke
Innlandet

Kommune
Vågå

Jordbruksregion
Sør-Norges dal- og fjellbygder

Områdetype
Dalgrend ved Vågåvatnet. Gårdslandskap med innmark, tette gårdstun, beitelandskap i utmark, skog og seterlandskap

Areal
14 000 dekar

År for innlemmelse
2009