Rapportere prisutjevningsordninga for mjølk
Meieriselskap som deltek i prisutjevningsordninga for mjølk, skal kvar månad rapportere sal av produkt og avrekne tilskot og avgifter.
Kven skal rapportere?
Meieriselskap som deltek i prisutjevningsordninga, skal rapportere. Ordninga gjeld for meieriselskap som nyttar meir enn 200 000 liter mjølk per år til produksjon av flytande mjølkeprodukt, eller 500 000 liter mjølk per år til produksjon av produkt i fast form. Meieriselskap er føretak som kjøper utilarbeidd mjølk til å foredling av mjølk og mjølkeprodukt. Ordninga gjeld ikkje mjølk og biprodukt som vert foredla i utlandet med mindre mjølka er produsert i Noreg og mjølkeproduktet vert omsett i Noreg.
Om prosessen:
Viktige datoer
Rapporteringsfrist:
15 dagar, rekna frå siste dag i månaden det rapporterast for.
Når du får svar på avrekning:
månadleg.