Til hovedinnhold

For landbruket

Søkje om tollavgiftsnedsetjing for industrielt tilarbeidde landbruksvarer (RÅK)

«RÅK» står for råvarepriskompensasjon og er ei ordning for foredla landbruksvarer. Desse varene blir ofte kalla for RÅK-varer.

Kven kan søkje?

Alle bedrifter som er registrert i Brønnøysundregisteret kan søkje om tollavgiftsnedsetjing. Den som søkjer på vegne av bedrifta må vere tildelt rolla «primærnæring og næringsmiddel» i Altinn. Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere ei slik rolle til deg.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kort om ordninga

Du kan få nedsett tollavgiftsats for import av industrielt foredla landbruksvarer, såkalla RÅK-varer. Det er varenummeret av produktet i tolltariffen som avgjer om det er ei RÅK-vare, og om du må søkje for å få nedsett tollavgiftsats.

Viss varenummeret i vedlegg 1 til RÅK-importforskrifta er markert med + MX1, + MX2, + D1 eller + D2 for aktuelt opphavsland, må du sende ein søknad for å få tollavgiftnedsetjing. Viss varenummeret ikkje er markert slik, har vara ein fast nedsett tollavgiftsats, og du treng ikkje søkje.

Dette bør du forberede

Før du søkjar må du vite kva varenummer i tolltariffen produktet du skal søkje tollavgiftnedsetjing for høyrer inn under.

Ved søknad om tollavgiftnedsetjing skal du ha dokumentasjon på innhaldet i produktet frå produsenten. Dokumentasjonen må oppfylle følgjande krav:

  1. Det skal gå klart fram av dokumentasjonen at han kjem frå produsent
  2. Dokumentasjonen må innehalde alle råvarene av produktet
  3. Dokumentasjonen må vise innhaldet i prosent av alle råvarer som er relevante for berekning av tollavgiftsatsen
  4. Dokumentasjonen skal vere gjeldande på innførselstidspunktet
  5. Dokumentasjonen må kunne knytast til fakturanemninga/produktnamnet oppgitt i søknaden
  6. Dokumentasjonen skal vere på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk

Skjemaet tool for documenting the percentage of dutiable agricultural commodities (PDF)  kan også brukast som dokumentasjon av prosentvis innhald av råvarer som er relevante for berekning av tollavgiftsatsen. Skjemaet skal då fyllast ut av produsent, og du må i tillegg ha ei fullstendig ingrediensliste frå produsent.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet tollavgiftsnedsetjing ved import av landbruksvarer og tilskot til norsk produksjon av tilarbeidde landbruksvarer (RÅK-varer) for å søkje. Her blir du bede om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.

Søk ved å gå til fana for "tollavgiftsnedsetjing" og vel "ny søknad" og "søknad om individuell tollavgiftsnedsetjing".

Utfylling

I skjemaet skal du

  • Stadfeste at du oppbevarer dokumentasjon som oppfyller krava
  • Oppgje opplysningar om vara
  • Oppgje innhaldet av tollavgiftsbelagde råvarer i prosent av vekta til ferdigvara

For detaljert søkjarrettleiing, sjå Slik fyller du ut søknad om tollavgiftnedsetjing for RÅK-varer.

Det er eit stort mangfald av råvarer. Derfor har vi laga ei liste over nokre råvarer og korleis dei skal oppgivast i søknaden.

Korleis typiske råvarer skal oppgivast.

Sende søknad

Når du trykkjer “Send inn”, blir søknaden send, og du får stadfesting på at søknaden er registrert på e-post eller melding.

Trekkje søknad

Du kan trekkje søknaden i søknadssystemet før han blir behandla. Det er berre mogleg å trekkje søknaden fram til saksbehandlar har gått i gang med saksbehandlinga.

Sende førespurnad

Du kan sende ein førespurnad til sakshandsamar i søknadssystemet via «førespurnad» under fana «alle saker». Gjeld førespurnaden ei konkret sak, må du oppgje saksnummeret for søknaden.

Endringar som krev ny søknad

Dersom nokon av opplysningane som er gitt i søknaden blir endra, må det søkjast om ny tollavgiftnedsetjing. Til dømes kan dette vere organisasjonsnummer, råvareinnhald, varenummer i tolltariffen og fakturanemning.

Handsaming av søknaden

Ein del søknader blir automatisk behandla. Det blir då sjekka at kriteria for tollavgiftnedsetjing er oppfylte, før eit løyve til nedsett tollavgiftsats blir ferda ut Tillatelsen får gyldigheit frå søknadsdatoen og tre år fram i tid.

Nokre søknader vil også bli plukka ut til manuell behandling. Då skal dokumentasjon frå produsent lastast opp. Normal saksbehandlingstid er inntil 10 arbeidsdagar. 

Søknader kan også takast ut i kontroll etter at eit løyve har vorte ferda ut.

Tilleggsdokumentasjon

Du kan bli beden om å sende inn tilleggsopplysningar, som mellom anna ei bindande førehandsfråsegn om klassifisering (BKU) frå Tolletaten. Du pliktar å gi nødvendige opplysningar. Innhenting av tilleggsopplysningar og vurderinga av desse, kan gjere at saksbehandlinga tek lenger tid enn ti arbeidsdagar.

Svar

Svar

Du får e-post eller melding når søknaden er ferdig behandla. Svaret finn du både i innboksen i Altinn og ved å logge inn i søknadssystemet.

Dersom søknaden blir avvist, kan du søkje på nytt med korrekte opplysningar. Tollavgiftnedsetjinga får gyldigheit frå den nye søknadsdatoen.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga blir send oss, men blir retta til Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka om ikkje vi gjer om vedtaket. Reglane om klage finst i forvaltningslova kapittel VI. Partane i saka har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka etter forvaltningslova §§ 18 til 19.

De må klage innan 3 veker etter ein har fått vedtaket.

Tilbaketrekking

Om det i ettertid viser seg at tollavgiftnedsetjinga er gitt på feil grunnlag, kan vi trekkje den tilbake. Når tollavgiftnedsetjinga er trekt tilbake, må det betalast tollavgift etter satsane til tolltariffen for varene de har importert på den aktuelle tollavgiftnedsetjinga. De har sjølv plikt til å kontakte Tolletaten for utrekning og statistisk oppretting, sjå lov 11. mars 2022 nr. 8 om tollavgift (tollavgiftsloven) kapittel 9. Dette kan gjerast elektronisk på Tolletatens nettsider.

Tollavgiftnedsetjingar for varer med innhald av bær

Vi fornya råvaresatsane for bær med gyldigheit frå 1. september kvart år. Dette kan påverke tollavgiftsatsen på produkt som inneheld bær. Du vil få ei ny tollavgiftnedsetjing automatisk med gyldigheit frå 1. september dersom produktet ditt inneheld bær. Den gamle tollavgiftnedsetjinga vil ikkje lenger vere gyldig.

Frå 1. september 2026 gjeld følgjande satsar:

  • Jordbær: 0,28 kr per kg.
  • Bringebær 1,02 kr per kg.
  • Solbær 0,00 kr per kg.

Dei nye råvaresatsane for bær kan også påverke tollavgiftsatsen for varenummera 04.03.2020, 04.03.2030, 04.03.9002 og 21.05.0020 i tolltariffen. Dette er varenummer med fast nedsett tollavgiftsats. Den nye tollavgiftsatsen blir automatisk gjeldande når vara blir deklarert.

Viktige datoer

Søknadsfrist:

Løpande

Når får du svar:

Innan 10 dagar

Trenger du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Kontaktpersonar: Nina Aasly eller Ahmed Siyad

Til toppen AI-powered search

KI søk