Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på Bokmål

Kommunale rentemidlar frå skogfond

Til prosjekt og føremål som kjem næringsverksemda til det lokale skogbruket til gode.

Kven kan søkje    

Organisasjonar og institusjonar som arbeider med prosjekt som kan vere relevante for næringsverksemda til skogbruket lokalt, kan søkje tilskot. 

Kva du kan søkje tilskot til   

  • Informasjonsmateriell, informasjonsutstyr og dekning av fellesutgifter i samband med skogfagleg informasjon, arrangement og utflukter, rettleiing og opplæring for skogeigaren, skular, samarbeidande etatar og organisasjonar, eller spesielle grupper og allmenta.
  • Organisasjonar og institusjonar som jobbar aktivt for å fremje interesse for eller utvikling av skogbruk.
  • Dekning av felleskostnader ved områdevise takstar eller skogbruksplanar, som førearbeid og informasjon og takstar, biletmateriell, ortofoto, kart og presentasjonar av områdevise tal. 

Slik søkjer du

Informasjon om tilskotsordninga, søknadsfristar og krav til søknad finn du på nettsidene til kommunen. Søknaden skal sendast til kommunen.  

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?