Til hovedinnhold

Middel til samarbeidsprosjekt innanfor jordbruks- og matforsking (FFL/JA)

Gjeld middel til samarbeidsprosjekt i heile verdikjeda frå primærledd til industri- og forbrukarledd. Midla blir lyste ut på nettsidene til Forskingsrådet, og Forskingsrådet administrerer prosjekta.

Hugs søknadsfristen

Skjema

Kven kan søkje?

Godkjende norske forskingsorganisasjonar i forpliktande samarbeid med relevante aktørar i offentleg sektor, frivillige organisasjonar, næringsliv og/eller andre private organisasjonar.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje middel til

Du kan søkje middel til forskingsprosjekt som bidreg til å utvikle ny kunnskap og byggje forskingskompetanse som samfunnet eller næringslivet treng for å møte viktige samfunnsutfordringar. Gjeld samarbeidsprosjekt innanfor jordbruks- og matforsking.

Forskingsprosjekt som tidlegare har fått middel

Slik lastar du ned prosjektoversikter frå prosjektbanken til Forskingsrådet:

  1. Trykk på ei av lenkjene som er merkt «Prosjektbanken».
  2. Vel fana «SE STATISTIKKEN».
  3. Nedst på denne sida trykkjer du på «EXCEL».
  4. Vel visingstypen «Prosjektliste» og skriv inn kor mange prosjekt du vil ha med. Dei nyaste ligg øvst.

Kort om ordninga

  • Samarbeidsprosjekt er ein type forskingsprosjekt og ein søknadstype som blir brukt av Forskingsrådet. Føremålet med samarbeidsprosjekt er å utvikle ny kunnskap og byggje forskingskompetanse som samfunnet eller næringslivet treng for å møte viktige samfunnsutfordringar, i denne samanhengen utfordringar innanfor norsk landbruk og matindustri.
  • Prosjekta skal stimulere og støtte samarbeid mellom forskingsmiljø og aktørar utanfor forskingssektoren som representerer behovet for kunnskap og forskingskompetanse i samfunnet og/eller næringslivet.
  • Vilkår for tildeling finn du i utlysinga på nettsidene til Forskingsrådet og i eit eventuelt vedtaksbrev.
  • Tidlegare krav om medverknad frå næringa på 20 prosent av søknadsbeløpet, er no erstatta av at 10 prosent av totalkostnadene skal forbrukast hos næringspartnarane i prosjektet, også kalla medverknadskravet. Dette kan dekkjast heilt eller delvis innanfor reglane i statsstøtteregelverket. Les meir om statsstøtte her.

Finansieringskjelde

  • Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL)
  • FoU-midler over jordbruksavtalen (JA)
Utfylling av søknad

Skjema

Søknad skal opprettast og sendast inn via nettsidene til Forskingsrådet. Krava til ein søknad kan variere frå utlysing til utlysing. Les derfor nøye utlysingsteksten med tilhøyrande informasjon og rettleiingstekstane i søknadsskjemaet. Sjå også generelle krav til søknaden

Du kan vanlegvis opprette og sende inn søknad frå og med 6 veker før søknadsfristen. Når midla blir lyste ut, blir det også lagt ut ei lenkje der det står «Opprett søknad».

Merk: Tidlegaste oppstart for kompetanse- og samarbeidsprosjekt som er finansierte av FFL/JA, er 1. januar 2026. 

Bli kjend med søknadsskjemaet

Behandling av søknaden

Mottak

Forskingsrådet tek imot søknaden og sjekkar opplysningane du har sendt inn. Søknader med feil eller manglar kan bli avviste.

Både brukaren som har oppretta og sendt inn søknadsskjemaet og e-postadressa som er ført opp på den prosjektansvarlege, får ei kvittering på e-post straks søknaden er motteken i Forskingsrådet. Søknaden får eit eige prosjektnummer.

Behandling

Søknaden blir behandla etter rutinane for prosjektvurdering frå Forskingsrådet. Fagekspertar vurderer søknadene ut frå bestemte kriterium.

Landbruksdirektoratet innstiller deretter søknadene til styra for forskingsmidla for jordbruk og matindustri, som gjer endeleg prioritering og innvilgar søknadene.

Behandlingsprosedyren er nærare omtalt i utlysinga på nettsidene til Forskingsrådet.

Behandlingsprosessen til Forskingsrådet

Prioritering av søknader

Styra prioriterer søknader ut frå

  • kvalitet
  • relevans til utlysinga
  • nytteverdi for landbruks- og matnæringa

Vidare blir søknadene prioriterte ut frå

  • kunnskapsbehovet i næringa
  • pågåande forsking
  • produktgruppefordeling

Dette har bakgrunn i at forskingsprosjekta blir finansierte av næringa sjølv ved innbetaling av forskingsavgift på landbruksprodukt og overføringar over jordbruksavtalen. Bidraget frå dei ulike produktgruppene skal derfor speglast i prosjektporteføljen.

Grunnlaget for prioritering av søknadene er nærare omtalt i utlysinga.

Svar og rapportering

Svar

Du får svar på søknaden gjennom «Min nettstad» hos Forskingsrådet. Forskingsrådet og Landbruksdirektoratet offentleggjer også tildelingar på nettsidene sine.  

Når får du svar: kort tid etter styrebehandling. 

Rapportering og utbetaling

Forskingsrådet administrerer og følgjer opp alle innvilga prosjekt. Dette inkluderer kontraktsinngåing, melding om endringar undervegs i prosjektet, rapportering og utbetaling av tilskot.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til styra for forskingsmidla for jordbruk og matindustri, via Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klaga dersom styra ikkje gjer om vedtaket.   

Klagefrist: 3 veker etter at du har fått vedtaket.

Viktige datoar

Utlysing:

19. desember 2024

Søknadsfrist:

5. mars 2025

Når får du svar:

Kort tid etter styrebehandling i september

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Forskningsrådet.

Hos Landbruksdirektoratet kan du kontakte Heidi EngesetElin Brekke eller Tine Madeleine Jarli.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk