Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Nasjonale rentemiddel frå skogfond

Gjeld middel til prosjekt og føremål som kjem næringsverksemda i skogbruket til gode på landsbasis.

Kven kan søkje?

Organisasjonar og institusjonar som arbeider med prosjekt som kan vere relevante for næringsverksemda i skogbruket på landsbasis, kan søkje tilskot.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Du kan søkje tilskot til 

  • informasjonsmateriell, informasjonsutstyr og dekning av fellesutgifter i samband med skogfagleg informasjon, arrangement og utflukter, rettleiing og opplæring for skogeigaren, skular, samarbeidande etatar og organisasjonar, eller spesielle grupper og allmenta.
  • organisasjonar og institusjonar som jobbar aktivt for å fremje interesse for eller utvikling av skogbruk
  • dekning av felleskostnader i samband med skogbruksplanprosjekt

Døme på prosjekt som har fått tilskot:

  • rekruttering og omdømmebygging gjennom nyheitsformidling og sosiale medium («Velg skog» i samarbeid med Norsk Skogbruk og Det Norske Skogselskap
  • ei rekkje utoverretta prosjekt og tiltak i 2025 retta mot mellom andre barn og unge (Det Norske Skogselskap)
  • kvinnelege skogeigarar – ei viktig ressurs i det grøne skiftet (Kvinner i skogbruket)

Prosjekt som har fått midlar har vart i 1-3 år, og fått inntil kr 2 600 000,-.

Kort om ordninga

  • Tiltaket skal vere viktig for skogbruket på landsbasis.    
  • Tiltaket bør vere prosjektorientert framfor å dekkje faste aktivitetar av driftsmessig karakter.
  • Du bør stille med eigendel i form av kapital eller arbeidsinnsats, på minimum 10–30 prosent. Tilskot frå andre instansar blir ikkje rekna som eigendel.
  • Frist for å gjennomføre prosjektet er frå 1 til 3 år, avhengig av type prosjekt.
  • Sjølv om du oppfyller krava, vil du ikkje nødvendigvis få tilskot. Det blir berre gjeve tilskot til eit avgrensa tal på søkjarar.

Finansieringskjelde

Rentemidlar frå Skogfond. For 2026 kan Landbruksdirektoratet dele ut totalt inntil 10,5 millionar kroner i tilskot til prosjekt og fylke med låg renteinngang.

Utfylling av søknad

Skjema

Det finst ikkje eit eige skjema for søknad om tilskot frå nasjonale rentemidlar. For å søkje må du sende ein skriftleg søknad i fritekst.

Hugs søknadsfristen 1. mars.

Søknaden skal innehalde

  • kven som søkjer
  • ei kortfatta skildring av prosjektet eller tiltaket
  • framdriftsplan og milepålar
  • kostnadsoverslag og finansieringsplan
  • søknadssum
  • prosjektorganisering
  • plan for rapportering
  • plan for formidling av resultata 

Merk søknaden ‘Nasjonale rentemidler frå skogfond 2026'

Dersom søknaden gjeld mange enkelttiltak/-prosjekt, skal du gruppere dei på ein måte som gjer at profilen og satsingsområda blir tydelege.

Sende søknad

Send søknaden med eventuelle vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, postboks 56, 7701 Steinkjer.  

Nå Landbruksdirektoratet har fått søknaden, får du stadfesting på e-post eller som brev i posten. 

Behandling av søknaden

Mottak

Landbruksdirektoratet tek imot søknaden og kontrollerer opplysningane du har sendt inn. Dersom vi har behov for meir informasjon vil vi be deg om å ettersende dette.

Behandling

Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.

Søknader blir prioriterte etter desse kriteria:

  • Tiltak som fører til auka bruk av skogfond, og på denne måten bidreg til auka investeringar i skogbruket.
  • Tiltak som etter ei samla vurdering er særleg viktige for skogbruket.
  • Arbeid med å skape kunnskap og forståing hos allmenta om kva skogbruket har å seie for samfunnet – inkludert rekruttering til næringa.
  • Andre fellestiltak som ligg innanfor dei rammene som er gjevne av regelverket og dei føringane som rentemiddelutvalet har gjeve. Døme på prioriterte tiltak er kursverksemd, rettleiingsmateriell og aktivitetsarbeid.
Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden på e-post eller i brev i posten, normalt i løpet av 4 veker etter at søknaden er motteken.

Du må stadfeste

Dersom du får tilskot og aksepterer vilkåra, treng du ikkje gjere noko. Aksepterer du ikkje vilkåra, må du sende skriftleg svar til Landbruksdirektoratet innan tre veker frå du får svaret.

Utbetaling

Inntil 75 prosent av tilskotet kan utbetalast undervegs i prosjektperioden. Utbetalinga er basert på dokumenterte utgifter. 25 prosent av tilskotet blir halde tilbake til sluttrekneskapen og -rapporten er send over og godkjend.

Undervegs i prosjektet skal du sende nødvendig dokumentasjon og rekneskap. Rekneskapen skal følgje eit oppsett som gjer det enkelt å samanlikne med kostnadsoverslaget og finansieringsplanen du sende med søknaden.

Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.

Melde endringar i prosjektet

Dersom det blir forseinkingar eller endringar i prosjekt-, framdrifts- eller finansieringsplan, skal du seie ifrå. Endringar må godkjennast av Landbruksdirektoratet.

Sluttrapport

Når prosjektet er avslutta, skal du sende sluttrapport med rekneskap. Rapporten skal kunne gjerast tilgjengeleg for relevante miljø og målgrupper. I tillegg skal det leveres eit kort prosjektsamandrag etter følgjande mal.

Frist for sluttrapport: (unik for kvart enkelt prosjekt)

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.   

Klagefrist: 3 veker frå du får vedtaket

Omtrentleg tid for klagebehandling: 4 veker

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.   

Landbruksdirektoratet kan også trekkje tilbake eller redusere tilskotet dersom

  • prosjektet blir avbrote. Prosjektet blir rekna som avbrote om du ikkje har gjennomført prosjektet etter intensjonen seinast tre månader etter fastsett sluttdato.
  • prosjektet ikkje blir gjennomført i tråd med plan, føresetnader og vilkår.
  • Dersom kostnadene i prosjektet blir mindre enn budsjettert.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

1. mars

Når du får svar:

normalt 2–4 veker etter at søknaden er motteken

Frist for sluttrapport:

innan 2 månader etter at prosjektet er avslutta

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Anna Marie Bjørken i Landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk