Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på Bokmål

Ormelid

Høgdegarden Ormelid ligg på ei solrik dalhylle 450 meter over havet inst i Sogn.

 

Første kjende dyrkingsspor er over 4000 år gamle. Den eldgamle ferdavegen mellom Sogn og Gudbrandsdalen går forbi Ormelid, og to stølar frå vikingtid og mellomalder er eldste kjende fleirstølsbruk i Noreg. Gardsdrifta baserte seg på omfattande hausting i utmarka. Husdyrhald gav gjødsel til åkrane og slåttengene. Gardsfolket her dreiv slik til 1990-talet, og heldt i hevd bygningar, beitemarker, slått- og lauvenger, haustingsskog og styvingstre av nasjonal verdi. I 2011 vart bygningane og noko innmark og utmark freda som kulturmiljø. Stiftinga Ormelid gard eig og forvaltar no Ormelid gjennom skjøtsel av eng, utmark og bygningsmiljø og fører såleis vidare ei 4000 år gammal vestnorsk jordbrukshistorie. 

 

Artsrik slåtteng og tunet på Ormelid. Stiftinga Ormelid gard skjøtter og vedlikeholder gården, som har en 4 000 år lang historie. Foto Oskar Puschmann

Fakta 

Fylke

 Vestland 

Kommune

Luster

Jordbruksregion 

Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag 

Områdetype 

Fjellandskap med høgdegard og støler