Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Rennesøy

Dei tre delområda, Hodne – Sel, Helland – Bø og Austbøheia i Rogaland, har eit variert og flott kulturlandskap med dominans av kystlynghei i høgda.

I bratte hellingar mot kystlinja er det tørrbakkar, eng og lauvtrelundar med svært høgt artsmangfald – eit  resultat av langvarig drift, godt jordsmonn og klima. Ein finn 480 planteartar her, mange truga og sjeldne, og fem som ikkje finst andre stader i Noreg. Områda har ei bruks- og busettingshistorie på omlag 6000 år, mellom dei eldste i landet. Denne finn ein att i gravhaugar, piggsteingardar, steingardar, gamle ferdselsårer, nausttufter og torvhus. Kystlyngheiområda, resultat av brenning og beitedyr gjennom generasjonar, vert haldne i hevd. Områda ligg lett tilgjengeleg for friluftsopplevingar og dei merka turstiane i områda er mykje brukt av turgåarar. 

Utsyn over Helland - Bø på Rennesøy, med Hellandgårdene i forgrunnen og kystlynghei på høydene. Foto Audun Steinnes

 

Nynorsk logo for utvalgte kulturlandskap i Rennesøy

Fylke
Rogaland

Kommune
Stavanger

Jordbruksregion
Kysten fra Sør-Norge til Nordland 

Områdetype
Jordbrukslandskap med gårdstun, innmark og kystlynghei 

Areal
5 400 dekar 

År for innlemmelse
2009