Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Rygnestad og Flateland

Dei sørvende dalgrendene Rygnestad og Flateland er typiske for bruksstrukturen i Setesdal.

Bruka er av ulik storleik og karakter, frå husmannsplassen Slengen til større bruk. I tillegg til det freda Rygnestadtunet er her mange gode døme på tun og bygningstypar i tradisjonell byggeskikk, samt andre kulturminne som steingardar, bakkemurar og rydningsrøyser. Kolgroper og eit stort gravfelt på Flateland vitnar om lang tids busetjing i området. Her er godt bevarte naturbeite, slåttenger, hagemark og gamal lauvskog. Fire aktive brukarar driv areala i grendene, ein av dei bur i området. Tidlegare var det mjølkekyr her, no er det berre sau og hest. Bygningar og innmark på Rygnestadtunet vert forvalta av Setesdalsmuseet. 

Utsyn over deler av Rygnestadgrenda fra steingarden mot utmarka. Foto: Bjarne Tresnes Sørensen
17_RygnestadogFlateland.png

Fylke 
Agder

Kommune
Valle

Jordbruksregion
Sør-Norges dal- og fjellbygder 

Områdetype
To dalgrender i Øvre Setesdal. Gårdslandskap med innmark og skog 

Areal
2 000 dekar 

År for innlemmelse
2009