Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Stølsvidda

Stølsvidda er eit stort samanhengande stølsområde på fjellet mellom Valdres og Hemsedal.

Valdres er regionen i Noreg som har og har hatt mest stølsdrift, ei driftsform som går attende til seinmiddelalderen. Stølsvidda er framleis eitt av områda med størst konsentrasjon av stølar i drift i Noreg, om lag 50 stølar i 2018. Stølane ligg samla i «stølslag», med bygningsmiljø prega av både eldre og nyare driftsmåtar. Mjølkeproduksjonen er mye basert på utmarksbeite, noko som gjer at store delar av landskapet under den naturlege skoggrensa er opne vidder. Mosaikken av stølsvoller, beitepåvirka utmark og store, opne myrkompleks gjer området viktig for naturmangfaldet, mellom anna for mange ande- og vadefuglar og vegetasjonstypar. Området er eit populært turistmål, og fleire driv stølsturisme der ein formidlar driftsmåte og produksjonsform. 

Strøstølane i Vestre Slidre i Norges største stølsområde - Stølsvidda. Mye av mjølkeproduksjonen baseres på utmarksbeite. Foto: Kari Stensgaard

 

Bokmål logo for utvalgte kulturlandskap i Stølsvidda

Fylke
Innlandet  

Kommune
Nord-Aurdal og Vestre Slidre kommuner

Landskapstype
Seterlandskap med "vidde karakter" og preg av aktiv drift   

Landskapsregion
Fjellskogen i Sør-Norge  

Jordbruksregion
Fjellområdene i Sør-Norge  

Areal
348 000 daa, inkludert 13 500 daa jordbruksareal 

År for innlemmelse
2018