Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på Bokmål

Suldal

Det utvalde kulturlandskapet i Suldal rommar grendene Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv.

 

Godt bevarte eldre tun og bygningar i liene opp frå Suldalsvatnet, med stølar på heiene ovanfor, viser oss heilandskapet og fjellgardsmiljøa på Vestlandet. Drifta på Hamrabø er allsidig og dels svært ekstensiv med mjølkeproduksjon, sau, purker og smågris, ilag med småkraftverk og turisme. På Klungtveit og Mokleiv er store område nytta til sauebeite. Bratte bakkar er kultivert med murar, veiter, steingardar, stiar, trapper og rydningsrøyser gjennom lang tid. Slåande i dette landskapet er dei mangfaldige naturbeitene, hagemarkene, slåtteengene og haustingsskogen som vert skjøtta etter tradisjonen. Dei fleire tusen haustingstrea – kydlestuvar - er særleg fulle av liv. Området byr på pilegrimsvandringar og gardsturisme, nasjonal turistveg Ryfylke og turstiar inn til Suldalsheiane. 

Hamrabøgrenda i Suldal. Her er det allsidig drift med husdyr, kombinert med småkraftverk og turisme. Foto Jarle Lunde

Fakta

Fylke

Rogaland

Kommune

Suldal

Landskapstype

Hei- og skoglandskap med gardar og stølar 

Landskapsregion

Indre bygder på Vestlandet 

Jordbruksregion

Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag 

Areal

28 000 dekar, inkludert 706 dekar innmark