Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på Bokmål

Ullensvang

Hundreår med fruktdyrking set tydeleg merke på landskapet i «den nasjonale frukthagen» Ullensvang i Hardanger.

 

Dei milde fruktbygdene står i sterk kontrast til det dramatiske landskapet rundt. Frukttre av mange ulike sortar og klonar gjer dei eldste frukthagane særleg verdifulle som samlingar for genetiske planteressursar. Her er også gode tilhøve for ville artar av sopp, lav, mose, insekt og fuglar. Den første dyrkinga tok til i slutten av steinalderen, og i mengda av forhistoriske kulturminne er det særleg alle bergkunstlokalitetane som framhevar tidsdjupna i kulturlandskapet. Fruktdyrkinga skjer no etter moderne metodar, med mykje aktivitet og mange folk i arbeid. Strandstaden Lofthus, klyngetunet på Aga og ferdselsvegane til fjellet er framståande kulturminne i nasjonal samanheng. 

Fruktdyrkingslandskap ved Hardangerfjorden: Gården Helleland nærmest og bygda og tettstedet Lofthus med Opedal i bakgrunnen. Foto Niels Johansen, Hotel Ullensvang

Fakta

Fylke

Vestland

Kommune

Ullensvang