Vi ønskjer tips og varsel om mogleg juks

Juks i samanheng med landbruk, næringsmiddelindustri og naturskade kan gjelde alle typar tilskot og erstatningar utbetalt av Landbruksdirektoratet. I tillegg kan det vere snakk om juks med reguleringar, slik som bu- og driveplikt, mjølkekvotar, tollkvotar, regulering av svine- og fjørfeproduksjon og plikt til å betale avgifter for omsetning av landbruksprodukter.

Har du mistanke om slike lovbrot, vil vi gjerne høyre frå deg.

Slik tipsar du

Du kan tipse oss på følgjande måtar:

Du kan bruke skjema Tips om juks innan landbruk, næringsmiddelindustri og naturskade når du tipsar oss på e-post eller i brev. Då kan du også leggje ved dokumentasjon for å opplyse saka for oss.

Ved spørsmål kan du kontakte oss på telefon 78 60 60 00 (ope 9-15 alle kvardagar).

Anonymitet

Du kan velje å gi tips anonymt. Bruker du digitalt skjema, kryssar du av for at du ønskjer å vere anonym. Sendar du tipset på annan måte, må du passe på at det ikkje kjem fram opplysningar som kan identifisere deg.

Du kan også velje å vera open om identiteten din, og gi oss høve til å kontakte deg. Om du gir oss løyve til å kontakte deg, er det enklare for oss å følgje opp tipset.

Kva skjer med tipset mitt?

Landbruksdirektoratet vurderer tipset og korleis det skal følgjast opp. Det er ikkje sikkert du blir kontakta sjølv om du har gitt oss løyve til det.