Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP)
Søknadsfristen er 15. oktober, men det er no opna for å levere søknad fram til og med 29. oktober, utan å få trekk for levering etter fristen. Det er mogleg å søke frå 15. september 2023.
Kven kan søkje?
Ordninga gjeld tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Du kan søkje dersom du har gjort bestemte miljøtiltak på areala du disponerer i søknadsåret. Føretaket ditt må drive vanleg jordbruksproduksjon på éin eller fleire landbrukseigedommar og vere registrert i Einingsregisteret.
Om prosessen:
Viktige datoar
29
okt
Søknadsfrist:
Søknadsfristen er 15. oktober, men det er no opna for å levere søknad fram til og med 29. oktober, utan å få trekk for levering etter fristen. Det er mogleg å søke frå 15. september 2023.
Når du får svar
I mars 2024
Rettleiing
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.