Straumstøtteordninga for jordbruks- og veksthusnæringa
Straumstøtteordninga gjeld for aktive jordbruksføretak, veksthusføretak og vatningslag. Jordbruksføretak må stadfeste at dei framleis driv for å vidareføre straumstøttesøknaden frå februar 2026.
Kven kan søkje?
Ordninga er tredelt med tre ulike søknadsskjema. Du kan søkje som jordbruksføretak, veksthusføretak eller vatningslag. For meir informasjon om dei ulike føretaka som kan få støtte, og «spørsmål og svar», sjå sidene Jordbruksforetak, Veksthusforetak og Vanningslag.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva kan du søkje støtte for?
Føretaket kan få straumstøtte for følgjande straumutgifter:
- Jordbruksføretak kan få støtte for straumutgifter i føretakets jordbruksproduksjon, og for hushaldsforbruk som ikkje allereie er omfatta av ordningane for straumstønad eller Noregspris hos nettselskapet. Med «produksjonen» siktar ein til straumforbruk knytte til alle delar av primærleddets framstilling av jordbruksvarer. Straumutgifter du måtte ha til føremål ut over råvareproduksjonen, kan du ikkje få støtte for.
- Veksthusføretak kan få støtte for straumutgifter til dyrking, og til eventuelt hushaldsforbruk som ikkje allereie er omfatta av ordningane for straumstønad eller Noregspris hos nettselskapet. Straumutgifter til lager, pakkeri, foredling eller andre næringar fell utanfor dyrkingsvilkåret, og veksthusføretak kan ikkje få støtte for desse straumutgiftene.
- Vatningslag kan få støtte for straumutgifter til vatning av jordbruksareal.
Kort om ordninga
Formålet med straumstøtteordninga er å bidra til at norsk matproduksjon i jordbruket og produksjon i veksthus blir oppretthaldt gjennom å kompensere for ekstraordinære straumutgifter. For å kunne få straumstøtte, må føretaket oppfylle vilkåra som gjeld for anten jordbruksføretak, veksthusføretak eller vatningslag. Meir informasjon om vilkåra til dei ulike føretakstypane finn du her.
Dette bør du førebu
Før du startar utfyllinga av søknadsskjema, må du kjenne til målepunkt-ID på målepunktet/målepunkta som føretaket bruker i sin jordbruks- og/eller veksthusproduksjon, eller målepunktet/målepunkta som blir brukt til vatning.
Målepunkt-ID er eit unikt identifikasjonsnummer som alle straummålarar i Noreg har. Nummeret består av 10 + 8 siffer. Målepunkt-ID byrjar alltid med 7070575000, medan dei siste åtte siffera er ein unik ID for kvar enkelt målar. Målepunkt-ID vil du finne på straumfakturaen din.
Dersom du søkjer som eit veksthusføretak eller vatningslag, må du i tillegg kjenne til månadleg straumforbruk og straumutgifter per målepunkt. Dersom føretaket har finansiell sikringsavtale, skal du laste opp resultatet av denne saman med søknaden. Vi tilrår å finne fram dette i god tid før søknadsfristen.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjema «Strømstøtte for jordbruksforetak, veksthus og vanningslag» via Altinn, for å søkje. Her blir du bede om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Straumstøtteordninga er tredelt med tre ulike søknadstypar: søknad for jordbruksføretak, søknad for veksthusføretak (éin per kvartal), og søknad for vatningslag (éin per periode).
Før du fyller ut søknadsskjema, må du vurdere om føretaket ditt oppfyller vilkåra som jordbruksføretak, veksthusføretak eller vatningslag. Viss føretaket ditt oppfyller vilkåra for å kunne få støtte som både jordbruks- og veksthusføretak, må du velje kva skjema du skal bruke. Du skal berre sende inn eitt søknadsskjema for same periode.
Du kan også søkje på papir, men vi tilrår at du søkjer elektronisk. Det er raskt, sikkert og reduserer risikoen for feil i søknaden. Viss du ikkje har høve til å søkje elektronisk, kan du kontakte oss på e-post og be om papirskjema.
Når skal eg søkje?
Jordbruksføretak
Jordbruksføretak som ønskjer støtte, treng berre å sende inn søknadsskjema éin gong så lenge ordninga varer. Om søknaden din blir innvilga, vil du vere registrert som mottakar av straumstøtte frå du søkte. Du må gi beskjed viss det skjer endringar som har noko å seie for søknaden din, til dømes at du sluttar å drive eller overdreg drifta.
Om du vil vidareføre straumstøttesøknaden din frå og med februar 2026, krev Landbruksdirektoratet ei stadfesting på at du framleis driv jordbruksproduksjon. Du må logge inn i søknaden via Altinn og stadfeste at du framleis driv.
Frå og med desember 2023 er det søknadstidspunktet som avgjer kor langt tilbake i tid føretaket kan få støtte. Føretaket kan få støtte for dei seks siste kalendermånadene før månaden søknaden blir sendt inn. Føretaket må ha drive aktiv jordbruksproduksjon i alle månadene det blir søkt om støtte for.
Døme:
Eit jordbruksføretak søkjer straumstøtte i desember 2023. Føretaket har drive aktiv jordbruksproduksjon heile 2023. Sidan føretaket kan få støtte for inntil dei seks tidlegare kalendermånadene før månaden det blir søkt om støtte, vil føretaket kunne få støtte frå og med juni 2023.
Eit jordbruksføretak søkjer støtte i april 2024. Føretaket overtok drifta i januar 2024. Sidan føretaket ikkje har hatt ein aktiv jordbruksproduksjon før januar 2024, vil dette vere den tidlegaste månaden føretaket kan få støtte frå.
Veksthusføretak
Veksthusforetak må sende inn éin søknad for kvart kvartal det blir ønskt støtte for.
Følgjande fristar gjeld:
- Søknadsfrist 28. februar (29. i skotår)
- For støtte for fjerde kvartal året før
- Søknadsfrist 31. mai
- For støtte for første kvartal same år
- Søknadsfrist 31. august
- For støtte for andre kvartal same år
- Søknadsfrist 30. november
- For støtte for tredje kvartal same år
Vatningslag
Vanningslag må sende inn éin søknad for kvar periode det blir ønskt støtte for.
Følgjande fristar gjeld:
- Søknadsfrist 30. september
- For støtte for perioden april–juni
- Søknadsfrist 31. desember
- For støtte for perioden juli–oktober
- For støtte for perioden juli–oktober
Sende søknad
Når du trykkjer «Send søknad» skal skjemaet sendast automatisk til Landbruksdirektoratet. Du får då stadfesting på skjermen om at søknaden er sendt inn. I tillegg får du ei stadfesting i innboksen din i Altinn. Sjekk at du har fått stadfesting om innsendt søknad.
Behandling av søknaden
Mottak og behandling
Det er Landbruksdirektoratet som får og behandlar opplysningane og gjer vedtak. Dersom det er behov for fleire opplysningar, blir du bede om å ettersende desse.
Innhenting av opplysningar
Reguleringsmyndigheten for energi (RME) og Elhub kan, utan hinder av teieplikt, gi opplysningar som er nødvendige for fastsetjing av støtte.
Kontroll
Landbruksdirektoratet kan plukke ut føretaket ditt til kontroll. Du må då kunne dokumentere opplysningane du oppgir i søknadsskjemaet, og at du oppfyller vilkåra for å få straumstøtte. Dersom føretaket ditt blir trekt ut i kontroll kan det ta lengre tid før ei eventuell utbetaling av straumstøtte.
Svar og utbetaling
Svar og utbetaling
Du får vedtak om straumstøtte i innboksen din i Altinn.
Får du straumstøtte, blir pengane automatisk overført til kontonummeret du har registrert i Altinn. I søknadsskjemaet kan du sjå kva for eit kontonummer som er registrert på føretaket ditt. Det er Landbruksdirektoratet som utbetaler pengane.
For jordbruksføretak skjer utbetaling av straumstøtte i slutten av kvar månad. Føretaket får eit brev i Altinn med vedtak om straumstøtte for kvar månad.
For veksthusføretak og vatningslag skjer utbetalingar løpande etter kvart som søknader blir mottekne og behandla.
Vi gjer merksam på at utbetalingstidspunktet kan variere, og påverkast av når søknaden blir levert, saksbehandlingskapasitet, kontroll og kompleksiteten i saka.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga blir sendt til Landbruksdirektoratet på e-post, eller per post til Landbruksdirektoratet, Postboks 56, 7701 Steinkjer. Opplys gjerne tydeleg om at det er ei klage. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje vi gjer om vedtaket.
Klagefristen er tre veker frå du får vedtaket.
Tilbakebetaling
Dersom du har fått meir støtte enn du har rett på, kan Landbruksdirektoratet krevje det feilutbetalte beløpet tilbakebetalt.
For å unngå feilutbetalingar, er det mellom anna viktig at du gir korrekte opplysningar ved utfylling av søknadsskjema, og melder frå til Landbruksdirektoratet fortløpande om endringar som er relevante for søknaden din. Dersom du gir feilaktige opplysningar eller ikkje gir opplysningane som Landbruksdirektoratet ber om, kan utbetalt beløp krevjast tilbake.
Viktige datoar
Søknadsfrist for veksthusføretak:
Frist for veksthusføretak for å søkje om støtte for oktober-desember året før.
Frist for jordbruksføretak:
Jordbruksføretak med løpande søknad om straumstøtte må logge inn i søknaden via Altinn og stadfeste at dei framleis driv, for å vidareføre søknaden frå februar 2026.
Søknadsfrist for veksthusføretak:
Frist for veksthusføretak for å søkje om støtte for januar-mars same år.
Søknadsfrist for veksthusføretak:
Frist for veksthusføretak for å søkje om støtte for april-juni same år.
Søknadsfrist for veksthusføretak:
Frist for veksthusføretak for å søkje om støtte for juli-september same år.
Søknadsfrist for vatningslag:
Frist for vatningslag for å søkje om støtte for april-juni same år.
Søknadsfrist for vatningslag:
Frist for vatningslag for å søkje om støtte for juli-oktober same år.
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.
Treng du hjelp?
Ta kontakt med ansvarlege for straumstøtteordninga per e-post under.