Heimelsgrunnlag

Straumstøtteordninga vert regulert av midlertidig forskrift 30. juni 2022 nr. 1273 om støtte som følge av ekstraordinære utgifter til elektrisk kraft for jordbruksforetak, veksthus og vanningslag.  

Forskrifta er heimla i straumstønadslova og jordlova

Tidlegare vart ordninga regulert i midlertidig forskrift 10. februar nr. 201 om støtte som følge av ekstraordinære utgifter til elektrisk kraft for jordbruks- og veksthusnæringen. Denne forskrifta vart oppheva då ein vidareførte forskrifta i gjeldande forskrift.

Fastsetjingsbrev til gjeldande forskrift

Sidan ordninga først vart lansert våren 2022, har regelverket gått gjennom fleire endringar. Desse endringane blir fastsette i endringsforskrifter med tilhøyrande fastsetjingsbrev. Nedanfor er ei oversikt over fastsetjingsbrev som tilhøyrer gjeldande forskrift. Det er til kvar tid dei nyaste fastsetjingsbreva som gjeld dersom det er gjorde endringar i ei føresegn.

Fastsetjingsbrev datert 25. juni 2025

Fastsetjingsbrev datert 14. desember 2023

Fastsetjingsbrev datert 21. august 2023

Fastsetjingsbrev datert 25. januar 2023

Fastsetjingsbrev datert 22. november 2022

Fastsetjingsbrev datert 10. februar 2022

Fastsetjingsbrev datert 1. juli 2022