Kva søknadsskjema skal eg nytte?
Jordbruksføretak, veksthusføretak og vatningslag kan få straumstøtte etter ordninga. Kvar føretakstype er definert i straumstøtteforskrifta, og er forklart nærare nedanfor.
Jordbruksføretak
For å bli rekna som eit jordbruksføretak etter straumstøtteforskrifta, må føretaket vere registrert i Einingsregisteret, og oppfylle vilkåra for å få produksjonstilskot og/eller avløysartilskot. Det inneber mellom anna at føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon på éin eller fleire landbrukseigedommar, med dei dyreslaga eller dei vekstgruppene det kan givast produksjonstilskot og/eller avløysartilskot for. Sjå detaljert oversikt i jordbruksavtale 2024-2025 kapittel 7 og kapittel 9.1.
Føretaket må disponere husdyr og/eller disponere og drive jordbruksareal aktivt for å kunne få støtte etter ordninga.
Jordbruksføretak kan få straumstøtte for straumutgifter i eigen jordbruksproduksjon. I tillegg kan det givast støtte for hushaldsforbruk som ikkje blir omfatta av straumstønadsordninga for hushald.
Veksthusføretak
For å bli rekna som eit veksthusføretak etter straumstøtteforskrifta, må føretaket vere registrert i Einingsregisteret, dyrke ein av følgjande vekstgrupper, og omsetje dei i marknaden:
- grønsaker,
- frukt og bær,
- krydderurter og medisinske urter,
- blomstrar og prydplantar,
- planteskulevekstar, medrekna skogplantar, eller
- ungplantar av blomstrar, prydplantar, frukt, bær og grønsaker for utplanting på friland og for sal
Veksthusføretak kan få straumstøtte for straumutgifter til dyrkinga av nemnde vekstar. I tillegg kan det givast støtte for hushaldsforbruk som ikkje blir omfatta av straumstønadsordninga for hushald.
Vatningslag
Vatningslag etter straumstøtteforskrifta er lag eller andre samanslutningar som er registrerte i Einingsregisteret, og som driv med vatning av jordbruksareal som blir disponert av minst to jordbruksføretak.
Vatningslaget kan få straumstøtte for straumutgifter til vatning av jordbruksareal.