Om tollkvotar
Introduksjon til tollkvotar med omgrep og forklaringar.
Om tollkvotar
Ein tollkvote er ein rett til redusert tollavgiftssats for ei gitt mengd av ei vare i ein angitt tidsperiode. Landbruksdirektoratet fordeler dei fleste tollkvotane for landbruksvarer.
Det finst tollkvotar for fleire typar landbruksvarer, inkludert ost, kjøt, fôrvarer, frukt og grønsaker. Ein kvote kan gjelde eitt eller fleire varenummer.
Enkelte av tollkvotane gjeld import frå alle land. I tillegg finst det GSP-kvotar for import frå utviklingsland og andre tollkvotar for import frå eit visst land eller område. Bakgrunnen for dei ulike kvotane varierer. Nokon er bundne i internasjonale avtaler, nokon har Noreg gitt til utviklingsland som ein del av utanrikspolitikken, og nokon har Noreg fastsett for å sikre tilgang på viktige råvarer som matkorn, råvarer til kraftfôr og til tilarbeidingsindustrien.
Landbruksdirektoratet fordeler tollkvotar ved auksjon eller etter søknad. I dag vert dei fleste kvotane fordelte på auksjon. I tillegg fordeler tollstyresmaktene enkelte kvotar for kjøt og plantar. Desse vert gitt automatisk ved fortolling etter «førstemann til mølla»-prinsippet.
Tollkvoteandel
Som importør kan du få tildelt rettar til å importere ein del av ein tollkvote, ein tollkvoteandel. Om du ikkje har tollkvoteandel eller importerer ei vare som ikkje er omfatta av ein kvote, så må du betale ordinær tollavgift som angitt i tolltariffen, med mindre det ligg føre individuell eller generell nedsetjing av tollavgiftssats.
Vara sitt opphav
Vara sitt opphav, altså kvar ho kjem frå, er viktig for å avgjere om den er omfatta av ein tollkvote. Nokre tollkvotar gjeld berre import frå ei gruppe land (til dømes ostekvoten frå EU), nokon gjeld alle land eller alle WTO-medlemsland (til dømes kvoten for frose storfekjøt), nokon gjeld land omfatta av GSP-ordninga (utviklingsland), og enkelte tollkvotar gjeld berre eitt eller nokre få land (til dømes islandshest frå Island eller storfekjøt frå Namibia og Botswana).
Gyldigheitsperiode
Dei fleste kvotar har ein gyldigheitsperiode frå 1. januar til 31. desember, medan til dømes kornkvotane gjeld frå 1. september til 31. august. Gyldigheitsperiodane for frukt-, grønt- og bærkvotane avheng ofte av norsk sesong.