Til hovedinnhold

Middel til innovasjonsprosjekt i næringslivet innan jordbruks- og matforsking (FFL/JA)

Gjeld middel til innovasjonsprosjekt i heile verdikjeda frå primærledd til industri- og forbrukarledd.

Kven kan søkje?

Søkjaren må vere ei bedrift som er registrert i det norske føretaksregisteret og har økonomisk aktivitet i Noreg. Offentlege føretak som driv verksemd av industriell eller forretningsmessig karakter, kan også stå som søkjar. Søkjaren vil vere prosjektansvarleg ved kontraktsinngåing med Forskingsrådet. Enkeltpersonføretak og forskingsorganisasjonar kan ikkje vere søkjar.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje middel til

Du kan søkje middel til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Gjeld bedriftsleidd prosjekt med omfattande innhald av forskings- og utviklingsaktivitetar (FoU).

Om løpande frist

Søknadene blir behandla fortløpande i regelmessige vedtaksmøte, fram til det ikkje lenger er midlar igjen. Søknader som kjem inn etter at budsjettet er brukt opp, men før utlysinga blir stengt, blir avslåtte utan vidare behandling. Desse søknadene kan de sende inn på nytt neste år.

Dersom det er midlar igjen, kan søknader som ikkje blir avslegne i det første vedtaksmøtet vera med i konkurransen om midlar i inntil to vedtaksmøte til. Det inneber at viss søknaden din er vurdert av panel (eksterne evaluatorer), men ikkje får tildeling i det første styremøtet han er med i, kan den få ein ny sjanse i neste møte. Det er styra som avgjer kva søknader som skal vere med til neste vedtaksmøte.

Kort om ordninga

  • Innovasjonsprosjekt er ein type forskingsprosjekt og ein søknadstype som blir brukt av Forskingsrådet. Eit innovasjonsprosjekt i næringslivet er eit bedriftsleidd prosjekt med omfattande innhald av forskings- og utviklingsaktivitetar (FoU).
  • Innovasjonsprosjekt skal gje eit vesentleg bidrag til fornying og auka verdiskaping for bedriftene som tek del i prosjektet, og gje samfunnsøkonomiske gevinstar ved at ny kunnskap og nye løysingar blir tilgjengelege innanfor dei biobaserte næringane, medrekna jordbruk og matindustri. 
  • Vilkår for tildeling finn du i utlysinga på nettsidene til Forskingsrådet og i eit eventuelt vedtaksbrev.
  • Bedrifter kan søkje om inntil 50 prosent støtte av dei budsjetterte prosjektkostnadene sine.

Dette bør du førebu

Søknadsprosessen følgjer behandlingsprosessen til Forskingsrådet. Vi tilrår at du i god tid før søknadsfristen set deg inn i korleis du skal skrive søknad og setje opp budsjett.

Korleis skriv du søknad?

Korleis set du opp budsjett?

Sjå også generelle krav til søknaden.

Finansieringskjelder

  • Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL)
  • FoU-middel over jordbruksavtalen (JA).

Forskingsprosjekter som har fått middel

Slik lastar du ned prosjektoversikter frå prosjektbanken til Forskingsrådet:

  1. Trykk på ei av lenkjene som er merkt «Prosjektbanken».
  2. Vel fana «SE STATISTIKKEN»
  3. Nedst på denne sida trykkjer du på «EXCEL»
  4. Vel visingstypen «Prosjektliste» og skriv inn kor mange prosjekt du vil ha med. Dei nyaste ligg øvst.
Utfylling av søknad

Skjema

Søknad skal opprettast og sendast inn via Forskingsrådet si nettside, vel Logg inn på Min side. Krava til ein søknad kan variere frå utlysing til utlysing. Les derfor nøye utlysingen med tilhøyrande informasjon, og rettleiingstekstane i søknadsskjemaet.

Sjå også generelle krav til søknaden.

Viktige endringar i Forskningsrådet sitt nye søknadsskjema:

  • du kan berre sende inn søknaden éin gong, også når utlysinga har fast frist
  • personar i obligatoriske roller må stadfesta at dei tek på seg rolla før de får sendt inn søknaden
  • du skal beskrive prosjektet i søknadsskjemaet og ikkje i eit eige vedlegg
  • budsjett og framdriftsplan i søknaden er bygd opp rundt arbeidspakker

Prosjektstart: Mellom 15. april 2026 og 15. april 2027

Bli kjend med søknadsskjemaet

Behandling av søknaden

Mottak

Forskingsrådet tek imot søknaden og sjekkar opplysningane du har sendt inn. Søknader som ikkje innfrir krava i utlysinga, blir avviste.

Både brukaren som har oppretta og sendt inn søknadsskjemaet og e-postadressa som er ført opp på den prosjektansvarlege, får ei kvittering på e-post straks søknaden er motteken i Forskingsrådet. Søknaden får eit eige prosjektnummer.

Behandling

Søknaden blir behandla etter rutinane for prosjektvurdering frå Forskingsrådet. Eksterne evaluatorer vurderer søknadene ut frå bestemte kriterium.

Landbruksdirektoratet innstiller deretter søknadene til styra for forskingsmidlane for jordbruk og matindustri, som gjer endeleg prioritering og innvilgar søknadene.

Behandlingsprosedyren er nærare omtalt i utlysinga på nettsidene til Forskingsrådet.

Behandlingsprosessen i Forskingsrådet

Prioritering av søknader

Styra prioriterer søknader ut frå

  • formålet, temaet og avgrensingane til utlysinga
  • forskningskvalitet
  • nytteverdi for den norske landbruks- og matnæringa

Vidare blir søknadene prioriterte ut frå

  • næringa sitt kunnskapsbehov
  • igangverande forsking i FFL/JAs prosjektportefølje, velg ordninga
  • relevans for produktgruppene som betaler forskningsavgift

Dette med bakgrunn i at forskingsprosjekta blir finansierte av næringa sjølv, ved innbetaling av forskingsavgift på landbruksprodukt og overføringar over jordbruksavtalen. Styra tek derfor i tildelinga si av midlar omsyn til fordelinga mellom søknader med relevans for dei ulike produktgruppene egg, fjørfekjøt, honning, korn, kjøtt, mjølk og vegetabiler. Porteføljen til styra skal spegla dei finansielle bidraga frå dei ulike produktgruppene.

Svar og rapportering

Svar

Du får svar på søknaden gjennom Min side hos Forskingsrådet. Forskingsrådet og Landbruksdirektoratet offentleggjer også tildelingar på nettsidene sine. 

Når får du svar: kort tid etter styrebehandling. 

Rapportering og utbetaling

Forskingsrådet administrerer og følgjer opp alle innvilga prosjekt. Dette inkluderer kontraktsinngåing, melding om endringar undervegs i prosjektet, rapportering og utbetaling av tilskot.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til styra for forskingsmidla for jordbruk og matindustri, via Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje styra gjer om vedtaket. 

Klagefrist: 3 veker etter at du har fått vedtaket. 

Viktige datoar 2025

Utlysing:

Mars

Søknadsfrist:

Løpande

Når får du svar:

Kort tid etter styrebehandling

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Forskningsrådet.

Hos Landbruksdirektoratet kan du kontakte Heidi EngesetElin Brekke eller Åslaug Bjerke

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk