Kvar midla kjem frå

For 2025 er det tildelt rundt 330 mill. kroner til forsking og innovasjon.

Forskingsmidla for jordbruk og matindustri (FFL/JA) har to finansieringskjelder:

Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL)

Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) vert finansiert gjennom ei forskingsavgift på landbruksprodukt, både på nasjonal produksjon og importerte råvarer, halvfabrikata og ferdigvarer. Avgifta er i dag 0,35 prosent av brutto fakturagrunnlag for råvarer og 0,25 prosent av importverdien på importerte halvfabrikata/ferdigvarer. For norsk produksjon vert avgifta berekna når råvarene vert mottekne frå produsent. Landbruksdirektoratet krev inn avgifta på egg, kjøt, mjølk, korn, vegetabil og honning. På importerte varer krev Skattedirektoratet inn avgifta.

I 2024 vart 235,5 mill. kroner innbetalt i forskningsavgift. Bidrag per produktgruppe.mill. kroner
Egg7,1
Fjørfekjøtt22,1
Kjøtt43,2
Reinkjøtt0,3
Melk32,8
Korn15,6
Vegetabiler18,0
Honning0,1
Import96,3

FFL skal finansiere forsking knytt til landbruksprodukt som vert nytta til å framstille nærings- og nytelsesmiddel, samt fôrkorn til husdyr. Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt vart oppretta i samsvar med lov av 26. juni 1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I lova heiter det blant anna at avgifta er brukarane sitt bidrag til å fremje forsking som skal kome ein bransje eller ein produksjon til gode. I Ot.prp.nr. 6 (2000-2001) er det lagt til grunn at dei ulike sektorane i matvarekjeda som betaler forskingsavgift, skal kome rimeleg ut med omsyn til fordeling av avgiftsmidla.

FoU-middel over jordbruksavtalen (JA)

FoU-middel over jordbruksavtalen (JA) vert avsett årleg over jordbruksavtalen og er øyremerka forsking. 

Kva midla skal brukast til

FFL bidrar også til finansiering av forskingsinstituttet Nofima gjennom støtte til Nofima sine strategiske program. Ot.prp.nr 6 (2000-2001) legg til grunn at landbruksforsking ved Nofima skal sikrast gjennom avgiftsmidla. I tillegg kan FFL støtte enkeltprosjekt i opne konkurransar med andre forskingsinstitusjonar.

JA-midla skal bidra til å dekkje opp avtalepartane sitt behov for forsking og utvikling med hovudvekt på anvend kunnskap, og vert forhandla fram i det årlege jordbruksoppgjeret. Avtalepartane er Staten v/Landbruks- og matdepartementet, Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Kven bestemmer over midla 

FFL vert forvalta av eit styre på 7 personar, medan JA-midla vert forvalt av eit styre på 3 personar. Landbruks- og matdepartementet har fastsett instruksar for korleis styra skal forvalte midla og oppnemne styremedlemene. Styra har felles møte og midla vert forvalta samla. Landbruksdirektoratet er sekretariat.

Effektiv administrering av midla er viktig. Difor er det eit tett samarbeid med Noregs forskingsråd om utlysing, behandling av søknadar og oppfølging av prosjekt.