Importvernet

Landbruksdirektoratet forvaltar importvernet for landbruksvarer. Det overordna målet med forvaltninga av importvernet er å leggje til rette for import av landbruksvarer som eit supplement til norsk produksjon, og å sikre avsetningsgrunnlaget for norsk produksjon.

For å supplere norsk produksjon og gi forbrukarane tilgang til landbruksvarer legg Landbruksdirektoratet til rette for import av landbruksvarer når det er behov for det, ved bruk av generelle og individuelle tollnedsetjingar og dessutan kvotar.

Tollsatsane for landbruksvarer varierer med behovet for tollvern. Dei høgaste tollsatsane er på landbruksvarer som også vert produserte i Noreg, som storfekjøt og mjølkeprodukt. For mange landbruksvarer som ikkje vert produserte i Noreg, som sitrusfrukter, bananar og ris, er det ikkje toll.

Handelsavtaler

Ei rekkje internasjonale avtaler set rammene for forvaltninga av importvernet. I hovudsak dreier det seg om kor høge tollsatsar Noreg kan nytte, og kva tollsatsar varer frå ulike land/landområde har krav på.

Det overordna rammeverket for importvernet er WTO-avtala, som er rammeverket for all internasjonal handel mellom medlemslanda i Verdens handelsorganisasjonen (WTO). Deretter kjem bilaterale avtaler Noreg har med handelspartnarane sine, anten direkte eller som medlem av Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA). Den største og viktigaste av desse er EØS-avtala mellom Noreg, Island, Liechtenstein og EU. Til sist har vi også ei rekkje nasjonale ordningar som skal bidra til auka handel, mellom anna GSP-ordninga, som omfattar handel med utviklingsland. Avtalene som er inngått mellom Noreg og andre land er lista opp under handelsavtaler på nettsida vår. Tollfritak eller reduserte tollsatsar kjem fram av tolltariffen.

Generelle tollnedsetjingar

For mange landbruksvarer set Landbruksdirektoratet ned dei ordinære tollsatsane, eksempelvis i visse tidsrom avhengig av vekstsesong og marknadsdekning i landet. I praksis vil derfor tollen vere mykje lågare enn dei tollsatsane som følgjer av tolltariffen.

Les meir om ordninga her.

Landbruksdirektoratet legg ut meldingar på nettsidene når generelle tollnedsetjingar vert gitt.

Sjå oversikt over generelle tollnedsetjingar.

Individuelle tollnedsetjingar

Individuelle tollnedsetjingar gir aktørar høve til å importere ei rekkje landbruksvarer til Noreg til ein lågare tollsats enn den ordinære tollsatsen.

I utgangspunktet kan aktørane søkje om å importere til redusert tollsats innanfor to ulike ordningar. Det eine er import av varer innanfor ordninga med tollnedsetjing for industrielt foredla varer, medan den andre gjeld for ordninga med tollnedsetjing for basis landbruksvarer.

Les meir om ordninga for industrielt tilarbeidde landbruksvarer

Les meir om ordninga for basis landbruksvarer

Tollkvotar på landbruksvarer

Kvoter for landbruksvarer vert administrert av Landbruksdirektoratet. Som følgje av internasjonale avtaler er det oppretta kvotar for ei rekkje landbruksvarer. Kvotane varierer frå å gjelde eitt eller fleire land, til å gjelde alle land omfatta av WTO. Vi har også kvotar for import frå utviklingsland.

Nokre av kvotane vert fordelte via auksjon, medan andre kvotar har andre fordelingsmekanismar. Det som kjenneteiknar ein kvote er at han gjeld for eit gitt kvantum av eitt eller fleire varenummer i tolltariffen for ein viss periode. Dei fleste kvotane gir høve til tollfri import, medan nokon har ein tollsats.

Les meir om tollkvotar

Utanlands tilarbeiding

Utanlands tilarbeiding er ei ordning som gir norsk næringsmiddelindustri høve til å nytte utanlandske produksjonsanlegg, når tilbodet av dette ikkje er tilstrekkeleg i Noreg.

Det er fleire trinn i utanlands tilarbeiding:

  • Jordbruksvare(r) vert sende ut av Noreg.
  • Desse jordbruksvarene vert nytta i produksjon av ei ferdigvare. Det kan tilsetjast nye råvarer.
  • Ferdigvara vert importert til Noreg.

Skal du foredle norske jordbruksvarer i utlandet, og importere ferdigvara til Noreg, er det mogleg å søkje Landbruksdirektoratet om tollavgiftnedsetjing. Dersom du får innvilga denne søknaden, vil du ved import berre betale tollavgift for dei varene du har tilsett i utlandet. Når vi snakkar om «løyve til utanlands tilarbeiding» referer vi til ei slik tollavgiftnedsetjing.

Sjå meir informasjon om korleis du søkjer tollavgiftnedsetjing og kva skjema du skal bruke.

Innanlandsk tilarbeiding

Innanlandsk tilarbeiding gir aktørar høve til mellombels å innføre utanlandske landbruksvarer tollavgiftsfritt til Noreg, for tilarbeiding og seinare gjenutførsel (eksport). Ferdigvara må utførast innan seks månader etter at råvara kom til Noreg.

Det skal betalast tollavgift for restprodukt som kjem fram under tilarbeidinga viss restprodukta skal omsetjast eller forbrukast i Noreg. Restprodukt skal deklarerast som ordinær innførsel av varer.

Før du nyttar ordninga må du søkje Landbruksdirektoratet om løyve.

Sjå meir informasjon om korleis du søkjer og kva skjema du skal bruke.

Korleis gå fram for å importere

Det er fleire instansar du som importør må forhalde deg til om du ønskjer å importere ei landbruksvare til Noreg. På nettsidene til Tolletaten finn du importguide for nye importørar. Her finn du også meir informasjon om mellom anna særavgifter og gebyr ved import og kurs i tollhandsaming. Der kan du lære korleis du importerer og fortollar varer. Du får også informasjon om varer med restriksjonar og forbod. Dette finn du utfyllande informasjon om på nettsidene til dei ulike etatane som har ansvaret for forvaltninga av dei ulike regelverka knytte til import av matvarer/landbruksvarer.