Om RÅK

RÅK er ei forkorting for råvarepriskompensasjon. RÅK-ordninga skal jamne ut konkurransevilkåra for produsentar av tilarbeidde landbruksvarer og gi grunnlag for auka handel. Tollavgift og prisnedskriving kan nyttast for å jamne ut prisforskjellar mellom Noreg og utlandet, på jordbruksråvarer som inngår i produksjonen av RÅK-varer.

RÅK-ordninga har sitt utspring i protokoll 3 til EØS-avtalen, og vareomfanget er knytt til varenummer i den internasjonale HS-nomenklaturen. Det er berre varer klassifisert på utvalde varenummer som Noreg har tilgang til å bruke tollavgift på og gi prisnedskriving til. Den norske Tolltariffen er basert på HS-nomenklaturen.

Døme på typiske RÅK-varer er sjokolade, bakevarer, is og sausar.

Bilde viser ein vanleg handlekorg vil et ofte vere RÅK-varer som til dømes sjokolade og pizza.
I ein vanleg handlekorg vil et ofte vere RÅK-varer som til dømes sjokolade og pizza.

Verkemiddel - Tollavgiftssats og tilskot

Verkemidla innanfor Råk-ordninga er:

  • tollavgiftssatsar ved import, ofte kalla RÅK-import
  • tilskot i form av prisnedskriving ved norsk produksjon, ofte kalla RÅK-tilskot

Disse verkemidla skal saman gi råvarepriskompensasjon ved sal i den innanlandske daglegvaremarknaden for norsk industri.

RÅK-import

Tollavgiftssatsane til RÅK-varer er avtalte i protokoll 3 til EØS-avtalen og skal kompensere for råvareprisforskjellane på visse råvarer i produktet, samtidig som dei skal gi moglegheita for fri konkurranse på industrileddet. Dei fleste RÅK-varer har fast nedsett tollavgiftssats eller fritak for tollavgift. For dei resterande RÅK-varene har importørar høve til å søkje Landbruksdirektoratet om nedsett tollavgiftssats. Tollavgiftssatsen vert berekna på bakgrunn av innhaldet i ferdigvara av jordbruksråvarer.

RÅK-tilskot

Der tollavgiftssatsen ikkje er tilstrekkeleg for å kompensere for ulikt prisnivå på jordbruksråvarer i Noreg og i utlandet, kan ein gje prisnedskriving (PNS). Norsk næringsmiddelindustri kan søkje om PNS for bruk av jordbruksråvarer dei nyttar i produksjonen av utvalde RÅK-varer(ferdigvarer). Det er varenummeret til ferdigvara i tolltariffen som avgjer om eit produkt er omfatta av tilskotsordninga. Satsane vert fastsette på grunnlag av differansen mellom norsk pris og verdsmarknadspris, inkludert tollavgiftssats, på dei råvarene som ordninga omfattar. Tilskotsmidlane vert løyvde over jordbruksavtalen.

Du kan lese meir om verkemidla og vilkåra for å søkje her:

Konkurransesituasjonen til RÅK-industrien

Som følgje av at Landbruksdirektoratet forvaltar dei to ordningane innanfor RÅK, har direktoratet også i oppdrag å overvake konkurransesituasjonen til RÅK-industrien.

Det er mellom anna viktig å følgje med på utviklinga i importen av RÅK-varer, for å ha kjennskap til konkurransesituasjonen til norsk RÅK-industri. I tillegg til importstatistikk, følgjer Landbruksdirektoratet med på prisutviklinga til sentrale råvarer, både nasjonalt og internasjonalt. Prisane er hovudgrunnlaget for å vurdere kompensasjonsbehovet, og dermed òg for å fastsetje satsane for RÅK-tilskot. Tilskotssatsane vert fastsette minimum ein gong i året, normalt gjeldande frå 1. januar.

Landbruksdirektoratet hjelper òg Landbruks- og matdepartementet (LMD) med vurderingar knytt til vareomfanget i RÅK-tilskot, innanfor rammene til protokoll 3. Industrien vert kvart år invitert til å kome med innspel til Landbruksdirektoratet i forkant av desse vurderingane. Ei eventuell utviding av vareomfanget kan likevel medføre eit behov for auka løyving. Dette må det i så tilfelle bli semje om i jordbruksforhandlingane.

Landbruksdirektoratet publiserer årleg fleire rapportar som beskriv konkurransesituasjonen til norsk RÅK-industri. Desse kan du lese her:

Konkurransesituasjonen for tilarbeidde landbruksvarer

Marknadsrapport - årlege