Utlysing av nasjonale tilretteleggingsmiddel: auka sjølvforsyning og betre grovfôr
Landbruksdirektoratet lyser med dette ut ekstra 2024-middel over ordninga nasjonale tilretteleggingsmiddel, med søknadsfrist 19. august 2024 kl. 13.
19
aug
Husk Søknadsfristen
Bakgrunn og tematiske føringar
Det vart i årets jordbruksforhandlingar sett av 4 mill. kroner i ekstra 2024-middel til tiltak som kan bidra til auka sjølvforsyning gjennom betre grovfôrproduksjon og effektiv fôring, jf. kap. 7.2.2 i Prop. 105 S (2023–2024) «Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024)». Midla er lyst ut med atterhald om positiv stortingsbehandling av Prop. 105S.
I Meld. St. 11 (2023-2024) «Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket» har Regjeringa sett mål om auka sjølvforsyning på 50 prosent. Arbeidet med å auke sjølvforsyningsgrada må gå føre seg på mange område, og vil strekkje seg over tid. Eitt av områda er auka bruk av norsk råvare i fôret, mellom anna gjennom meir og betre grovfôr. Regjeringa ønskjer å bidra til å betre konkurransekrafta ved produksjon av meir og betre grovfôr gjennom å prioritere FoU og kunnskapsformidling, og har mål om å auke kvaliteten og andelen grovfôr i fôrrasjonen til drøvtyggarar.
I stortingsmeldinga vert det vist til at næringa allereie har samla mykje kunnskap om korleis grovfôret skal dyrkast og handsamast for å vere best mogleg, mellom anna i prosjekta Grovfôr 2020 og Økt Norsk der alle dei store aktørane i jordbruket har delteke. Erfaringane viser at det er stor variasjon, og dermed stort potensiale, for å forbetre dyrkinga av grovfôr. Dermed kan kostnadene i grovfôrproduksjonen reduserast og kvaliteten på grovfôret aukast, mellom anna slik at grovfôr kan erstatte kraftfôr. Det er ønskeleg med søknadar som byggjer vidare på denne kunnskapen og igangsette initiativa, med næringa i spissen.
Om tiltaka som kan støttast i denne utlysinga
Prosjekta må vere tilretteleggingstiltak innan landbruksbasert næringsutvikling, eller til utvikling/vidareutvikling av etter- og vidareutdanningstilbod innanfor landbruksnæringa. Tiltaka skal bidra til å styrkje verdiskapinga i landbruket og bidra til fellesskapsløysingar innan næringsutvikling og kompetanseheving av nasjonal nytteverdi. Resultata frå prosjektet skal vere opent tilgjengelege og formidlast til aktuelle delar av næring og forvalting.
Prosjekt som kan vise god forankring i næringa og for yrkesutøvarane i landbruket vert prioritert.
Les meir på ordninga sine nettsider om kva som kan støttast av tiltak.
Inntil 75 % av kostnadane i prosjektet kan bli dekt av offentlege middel, der NT-midla utgjer heile eller delar av denne støtta. Allereie påkomne utgifter kan ikkje bli godkjent som kostnadar i prosjektet det vert søkt tilskot til.
Landbruksdirektoratet er ansvarleg for at midla vert tildelt i samsvar med regelverket om offentleg støtte, som følgjer av EØS-avtalen art. 61 (1). Sjå meir informasjon om dette på nettsidene våre.
Det er ønskjeleg med rask prosjekt-oppstart, seinast i løpet av 2024. Tidlegaste moglege oppstart er 10. september 2024.
Dei ordinære midla som vart satt av for 2025 over NT-ordninga i årets jordbruksforhandlingar, med ei ramme på 16 mill. kroner, blir lyst ut i ei eiga utlysing i august/september på direktoratet sine nettsider.
Prioritering av søknader
Landbruksdirektoratet prioriterer søknadar i tråd med vurderingskriteria som du finn på nettsidene våre.
Sjå òg Forskrift om nasjonale tilretteleggingsmidler til næringsutvikling og kompetanseheving i landbruket og døme på prosjekt som har fått innvilga middel tidlegare.
Det er aktuelt å støtte eitt eller fleire prosjekt innanfor den økonomiske ramma til denne utlysinga, avhengig av ei samla vurdering av dei mottekne søknadane.
Søknad
Søkjar er ansvarleg for å sende inn fullstendig søknad med relevante vedlegg innan søknadsfristen, i tråd med utlysinga og framgangsmåte som omtala på direktoratet sine nettsider. Hugs å leggje ved eigenfråsegn om bagatellmessig støtte.
Viktige datoer
19
aug
Søknadsfrist:
19. august 2024 kl. 13:00