Kva siktar ein til med buplikt?

Buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen. Det kan vera buplikt på landbrukseigedommar og på andre eigedommar. Buplikta kan vera personleg eller upersonleg. Om det er buplikt på ein eigedom blir bestemd av:

  • konsesjonslova direkte
  • forskrift om nedsett konsesjonsgrense
  • vedtak om konsesjon på eigedom

Det er eit politisk mål å ha busetjing i heile landet. Buplikta skal vera med å sikra dette. 

Personleg og upersonleg buplikt

Personleg buplikt betyr at eigar må bu der sjølv. Den personlege buplikta blir oppfylt ved at den buplikta gjeld, er registrert som busett på eigedommen i Folkeregisteret.

Ved upersonleg buplikt kan andre enn eigar bu der. Den upersonlege buplikta blir oppfylt ved at nokon er registrerte som busett på eigedommen i Folkeregisteret.

Kva skjer viss buplikta ikkje blir oppfylt?

Brot på buplikta kan føra til at eigedommen blir tvangsseld. Det er kommunen som kontrollerer og følgjer opp brot på buplikta.

Buplikt som følgjer direkte av konsesjonslova

Det er i utgangspunktet ikkje buplikt på konsesjonsfrie erverv. Det finst likevel viktige unntak bestemt i konsesjonslova.

Dette gjeld erverv på grunn av odelsrett eller slektskap for eigedom med bygning der

  • fulldyrka og overflatedyrka jord på eigedommen er meir enn 35 dekar eller
  • eigedommen består av meir enn 500 dekar produktiv skog

Eigedommen må då ha eit hus som er eller har vore i bruk som heilårsbustad, eller at det er hus under oppføring på eigedommen, og løyvet til oppføringa er gitt med sikte på bustadformål.

Konsesjonsfridommen er i slike tilfelle føresett av at ervervaren buset seg på eigedommen innan eitt år og bur der sjølv i minst 5 år. For slike eigedommar er altså buplikta personleg.

Viss ervervar ikkje kan oppfylla den personlege buplikta, må det søkjast konsesjon på vanleg måte.

Buplikt ved forskrift om nedsett konsesjonsgrense (nullgrenseforskrift)

For eigedommar i kommunar med nullgrenseforskrift kan det vera buplikt på eigedommar som elles er halde unna det. Formålet med slike forskrifter er å hindra at eigedommar som bør brukast til heilårsbustad blir brukte til fritidsformål. Kommunar med nullgrenseforskrift har bestemt at reglane om konsesjonsfridom utan buplikt heilt eller delvis ikkje gjeld. Dersom eigedommen ligg i ein kommune med nullgrenseforskrift, kan ein sjekka forskrifta for å finna ut om ho gjeld for eigedommen.

Sjå oversikt over kommunar med nullgrenseforskrift

Ei forskrift om nedsett konsesjonsgrense kan gjelda følgjande eigedommar:

  • utbygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
  • eigedom med busetnad som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad under dette eigedom under oppføring regulert til bustadformål
  • ubygd tomt regulert til bustadformål

Forskrifta til kommunen kan fastsetjast for eitt eller fleire av alternativa. 

Konsesjonsfridommen kan setjast ut av kraft for heile kommunen eller eit nærare definert område.  Dette kjem fram i forskrifta.

Dersom forskrifta gjeld for eigedommen, må ervervar søkja konsesjon dersom ho eller andre ikkje skal bu på eigedommen. Skal buplikta oppfyllast, kan ervervar overta konsesjonsfritt. Buplikta gjeld for heile eigartida. Konsesjonsfridommen blir stadfesta ved eigenerklæring.

Konsesjonsfridom for nær slekt

Nullgrenseforskrifta kan også innehalda unntak frå slektskapsunntaket. Det betyr at nær slekt ikkje kan overta konsesjonsfritt. Dei fleste kommunar som har forskrift om nedsett konsesjonsgrense har ikkje sett slektskapsunntaket ut av kraft. Det betyr at nær slekt kan overta konsesjonsfritt. Nær slekt kan overta konsesjonsfritt viss

  • overdreg har hatt tinglyst heimel til eigedommen i minst fem år før overdraginga
  • overdreg har konsesjonsforholdet sitt i orden

Ved erverv av eigedom som blir regulert av forskrift, kan ervervet vera konsesjonsfritt med eller utan buplikt. Ervervar skal då fylla ut eigenerklæring om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense.

Dersom eigedommen ikkje kan ervervast konsesjonsfritt, må ervervar søkja konsesjon.

Upersonleg buplikt

Buplikta kan oppfyllast av deg sjølv eller andre i di eigartid. Buplikta blir oppfylt ved at du eller nokre andre er registrerte som busett på eigedommen i Folkeregisteret. Dersom du eller andre ikkje skal bu på eigedommen, må du søkja konsesjon.

Konsesjonsvurderinga ved nullgrenseforskrift

Det skal givast konsesjon utan buplikt når:

  • det ikkje er nødvendig å hindra at eigedommen blir bruk til fritidsformål
  • eigedommen berre kan avhendast som heilårsbustad til ein pris som er lågare enn prisnivået for tilsvarande heilårsbustader i området

I vurderinga av om det er nødvendig å hindra at eigedommen blir brukt til fritidsformål, legg kommunen mellom anna vekt på

  • plasseringa av eigedommen
  • om området der eigedommen ligg har karakter av å vera eit utprega fritidsområde
  • arten og standarden til busetnaden
  • kor lang tid det har gått sidan eigedommen vart brukt som heilårsbustad
  • kor lang tid eigedommen vart brukt som heilårsbustad
  • om det er pårekneleg at andre vil kjøpa eigedommen for å bruka han til heilårsbustad

Forskrifta gjeld ikkje

Dersom den utbygde eigedommen er større enn 100 dekar eller har meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord, kjem ikkje nullgrenseforskrifta til bruk.

Buplikt i vedtak om konsesjon på eigedom

Buplikt i vedtak om konsesjon på eigedom

Buplikt kan setjast som vilkår for konsesjon. Når det blir søkt om konsesjon på ein eigedom, tek kommunen stilling til om det skal setjast vilkår for konsesjonen eller ikkje. I forhold til buplikt vurderer kommunen 

  • om det skal stillast vilkår om buplikt
  • om buplikta skal vera ei personleg plikt for eigar
  • eventuelt kor lenge buplikta skal vara

Kommunen gjer då ei vurdering ut frå omsyn til busetjing, heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskap.